Bluesrock er ein musikksjanger som blandar blues og rock and roll. Musikken består av blues-aktig improvisasjonar over 12-taktsblues og lange boogieimprovisasjonar i rock and roll-stil. Som regel vert bluesrock spelt av ein elektrisk gitar, bassgitar og trommer, der gitaren vanlegvis vert forsterka gjennom ein røyrforsterkar som gjev ein overanstrengt gitarlyd.

Utviklinga av stilen starta i midten av 1960-åra i England og USA som rhythm and blues spelt av kvite europearar. Britiske band som The Animals, Cream og The Rolling Stones eksperimenterte med musikk frå eldre amerikanske bluesartistar som Howlin' Wolf, Jimmy Reed og Muddy Waters.[3] Dei tidlege bluesrockbanda prøvde å spele lange improvisasjonar som var vanlege innan jazz, men i 1970-åra vart bluesrocken tyngre og meir riff-basert.[3] Tidleg i 1970-åra vart grensene mellom bluesrock og hardrock mindre synleg då band byrja å spele inn rockealbum. I 1980- og 1990-åra har mange bluesrockband gått tilbake til sine bluesrøter og nokre av desse, som Fabulous Thunderbirds og Stevie Ray Vaughan vart ein periode store stjerner.[3]

Kjenneteikn endre

Bluesrock består ofte av blues- og boogieimprovisasjonar over 12-taktsblues og har ofte fokus på den elektriske gitaren. Stilen er ofte tyngre og meir riff-basert enn songar som ein t.d. finn i tradisjonell chicagoblues. Bluesrockbanda lånte litt frå instrumental jazz- og blues og litt frå den forsterka rock'n'roll-musikken.[3] Han vert òg ofte spelt i eit raskare tempo enn tradisjonell blues.[3]

Instrumentering endre

Typisk bluesrockmusikk vert spelt av ein elektrisk gitar, bassgitar og trommer. Gitaren er vanlegvis forsterka gjennom ein røyrforsterkar eller det vert brukt ein overdrive-effekt. Ofte vert det nytta to gitarar i bluesrockband, der den eine spelar riffet og akkordane på ein rytmegitar, medan den andre spelar melodilinjer og soloar på ein sologitar.[3] I 1950-åra nytta bluesband stundom framleis ståbass, medan bluesrockband i 1960-åra nytta elektrisk bass, som var lettare å forsterke til høg lydstyrke. Tangentinstrument som piano og hammondorgel vert òg stundom nytta. Som den elektriske gitaren er ofte òg hammondorgelet forsterka gjennom ein røyrforsterkar som gjev ein rumlande, «anstrengt» lyd. Vokalen spelar òg ofte ei viktig rolle, men stundom kan han vere likestilt med eller mindre viktig enn sologitaren. Fleire bluesrocksongar er berre instrumentalar.

Struktur endre

 
Ein pentatonisk bluesskala i A moll

Bluesrock følgjer vanlegvis 12-taktsblues-strukturen, men stundom vert det nytta andre strukturar, som t.d. i Allman Brothers si utgåve av T-Bone Walker sin «Stormy Monday», som følgjer 12-taktsblues-formatet, men med andre akkordar:

G9 | C9 | G9 | G9 | C9 | C9 | G9 / A moll7 | B moll7 / B♭7 | A moll7 | A♭ dur7 | G9 / C9 | G9 / D aug

i staden for den vanlege G | C | G | G | C | C | G | G | D | C | G | G (D) progresjonen. Progresjonen vert vanlegvis repetert og songen har berre ein seksjon, men det finst òg unntak der nokre songar har ein ny seksjon til. Nøkkelen er vanlegvis i dur, men kan òg vere i moll og ein vanleg teknikk er å nytte ein pentatonisk skala i moll med blånotar, som t.d. Albert King nyttar i nesten alle innspelingane sine. Sologitaren nyttar generelt den pentatoniske skalaen, anten i dur eller moll, under soloar.

Eit klassisk døme på bluesrock er Cream sin «Crossroads» på albumet Wheels of Fire som var basert på Robert Johnson sine songar «Cross Road Blues» og «Traveling Riverside Blues». I songen vert tekst- og musikkstilen i blues blanda med tempo og gitarsoloar frå rock.

Historie endre

Sjølv om rock og blues alltid har vore nært knytt til kvarandre vart ikkje bluesrock sett på som ein særeigen sjanger før seint i 1960-åra. I 1963 utvikla den amerikanske gitaristen Lonnie Mack ein gitarstil som seinare vart identifisert som bluesrock. Det året gav han ut fleire rockeinstrumentalar på gitar som var basert på blues. Den mest kjende av desse er hitsinglane «Memphis» (Billboard #5) og «Wham!» (Billboard #24). Bluesrock vart derimot ikkje rekna som ein eigen sjanger før nokre år seinare då britiske band som Free, Savoy Brown og dei tidlegaste utgåvene av Fleetwood Mac dukka opp. Medlemmene i Fleetwood Mac hadde tidlegare spelt med fleire britiske bluesband, mellom anna med John Mayall og Alexis Korner. På denne tida vart òg innspelingane til Mack oppdaga på ny og han òg vart rekna som ein bluesrockartist. Andre amerikanske artistar som Johnny Winter, Paul Butterfield og gruppa Canned Heat vert òg rekna som pionerar innan bluesrock.

Musikkritikaren Piero Scaruffi meiner at bluesrocksjangeren vart definert då John Mayall gav ut albumet Bluesbreakers i 1966 med gitarist Eric Clapton. Scaruffi skildrar bluesrock som rhythm and blues spelt av europeiske musikarar.[4]

Dei revolusjonerande gitarteknikkane til Jimi Hendrix og powertrioane hans The Jimi Hendrix Experience og Band of Gypsys hadde ein brei og langvarig innverknad på utviklinga av bluesrock, særleg for gitaristar. Eric Clapton var ein annan gitarist som hadde stor innverknad på sjangeren. Spelinga hans på 1960- og 1970-talet med John Mayall og the Bluesbreakers, The Yardbirds, supergruppa Blind Faith, Cream og Derek and the Dominos og ein omfattande solokarriere, har vore viktige for å føre bluesrock ut til eit større publikum. Amerikanske artistar som The Doors og Janis Joplin var òg medverkande til å føre sjangeren ut til dei store massane.

Seint på 60-talet revolusjonerte Jeff Beck, eit tidlegare medlem av The Yardbirds, bluesrock ved å gjere han tyngre, og han tok Storbritannia og USA med storm med bandet sitt The Jeff Beck Group. Jimmy Page, som òg hadde spelt i The Yardbirds, danna The New Yardbirds som raskt vart kjend som Led Zeppelin. Led Zeppelin hadde kolossal innverknad på bluesrock-miljøet tidleg på 70-talet. Det australske bandet AC/DC var òg påverka av bluesrock. Andre bluesrockmusikarar som medverka til miljøet i 1970-åra var Rory Gallagher og Robin Trower.

I starten av 1970-åra blanda amerikanske band som Aerosmith blues og heavy metal på liknande måte som Led Zeppelin hadde gjort nokre få år tidlegare. Bluesrock voks og inkluderte southern rock- og hardrockband som Allman Brothers Band, ZZ Top og Lynyrd Skynyrd, medan det britiske musikkmiljøet fokuserte på heavy metal, med unntak av grupper som Status Quo og Foghat. Bluesrock hadde ei gjenføding tidleg på 1990-talet med mange artistar som John Mayer, The Black Crowes, The Black Keys, The Jon Spencer Blues Explosion, Silvertide og Joe Bonamassa.

Kjelder endre

  1. Weinstein, Deena. Heavy Metal: The Music and its Culture. DaCapo, 2000. ISBN 0-306-80970-2, s. 14.
  2. Ian Christe. Sound of the Beast. Allison & Busby. s. 1. ISBN 0-7490-8351-4. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 "Blues-rock," Allmusic.com<http://www.allmusic.com/explore/style/blues-rock-d50>
  4. The History of Rock Music - The Sixties