I Honestly Love You

I Honestly Love You
Singel av Olivia Newton-John
frå albumet Long Live Love (UK)
If You Love Me, Let Me Know (US)
B-side

«Home Ain't Home Anymore» (U.S.)
«Get Your Paper Dues» (UK)

Utgjeve 28. april 1974
Sjanger Countrypop
Lengd 3:40
Selskap MCA
Låtskrivar(ar) Jeff Barry & Peter Allen
Produsent John Farrar
Olivia Newton-John-kronologi 
«If You Love Me, Let Me Know»
(1974)
I Honestly Love You «Have You Never Been Mellow»
(1975)


«I Honestly Love You» (først gjeve ut i Australia som «I Love You, I Honestly Love You») var ein stor hitsingel for Olivia Newton-John i 1974. Songen vart den første for Newton-John som nådde toppen av listene i USA og Canada.

Han vart gjeven ut på albumet Long Live Love i Storbritannia av EMI, og sidan på albumet If You Love Me, Let Me Know i USA på MCA. Songen var skriven av Jeff Barry og den australske låtskrivaren Peter Allen. Allen spelte inn songen kring same tid for albumet Continental American. Han finst òg i musikalen om livet til Allen, The Boy from Oz. VH1 plasserte songen på 11. plass på lista dei over dei 40 beste softrock-songane gjennom tidene.[1] Med denne songen vann Newton-John Grammyprisen for både årets plate og årets kvinnelege popartist.[2] Andy Williams gav ut ein versjon i 1974 på albumet sitt You Lay So Easy on My Mind.

Eit klipp av songen vert spelt over radio under det andre haiåtaket i filmen Haisommer frå 1975.

Lister endre

Songen toppa lista i USA den 5. oktober 1974 og selde over to millionar eksemplar her, som gav Newton-John ei platinaplate. Han nådde òg 3. plassen på Adult Contemporary-lista.[3] og sjetteplass på Country-lista.[4] Den store populariteten til songen gjorde at òg albumet If You Love Me, Let Me Know, nådde toppen av albumlista. Singelen gjorde det heller dårleg i Storbritannia der han berre nådde 22. plass.

Newton-John gav ut songen på ny i 1977 med B-sida «Don't Cry for Me Argentina». Han nådde då 48. plass i USA.

1998-versjonen endre

I Honestly Love You '98
Singel av Olivia Newton-John
frå albumet Back with a Heart
Utgjeve 1998
Innspelt 1998
Sjanger Pop
Lengd 4:04
Selskap MCA
Produsent John Farrar

I 1998 gav Newton-John ut ein ny versjon av «I Honestly Love You» frå albumet hennar Back with a Heart, med Babyface på korvokal. Denne nådde 67. plass på Billboard Hot 100, den første singelen hennar på lista der på seks år.

Lister endre

Liste (1974) Plassering
Australian ARIA Singles Chart 1
Canadian RPM Top Singles 1
Canadian RPM Country Tracks 1
Canadian RPM Adult Contemporary Tracks 1
Sverige 1
UK Singles Chart 22
U.S. Billboard Hot 100 1
U.S. Billboard Hot Country Singles 6
U.S. Billboard Easy Listening 1
Liste (1977) Plassering
Canadian RPM Top Singles 55
Canadian RPM Adult Contemporary Tracks 1
U.S. Billboard Hot 100 48
U.S. Billboard Easy Listening 49
Liste (1983) Plassering
UK Singles Chart 52
Liste (1998) Plassering
Australian ARIA Singles Chart 88
U.S. Billboard Country Singles Sales 16
U.S. Billboard Hot 100 67
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 18

Kjelder endre

  1. «VH1's 40 Most Softsational Soft-Rock Songs». 31 May 2007. Arkivert frå originalen 2. februar 2010. Henta 26. august 2014. 
  2. «Past Winners Search | GRAMMY.com». grammy.com. Henta 4 August 2011. 
  3. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 181. 
  4. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 248. 

Bakgrunnsstoff endre