I Just Can't Help Believing
I Just Can't Help Believing Singel av B.J. Thomas frå albumet Everybody's Out of Town | ||
B-side |
«Send My Picture to Scranton, PA.» | |
---|---|---|
Utgjeve | Juni 1970 | |
Sjanger | easy listening | |
Selskap | Scepter | |
Låtskrivar(ar) | ||
B.J. Thomas-kronologi | ||
«Everybody's Out of Town»
(1970) |
I Just Can't Help Believing | «Most of All»
(1970)
|
«I Just Can't Help Believing» er ein song skriven av Barry Mann og Cynthia Weil.
Songen vart mest populær etter han vart spelt inn av B.J. Thomas og gjeven ut på singel i 1970. Han nådde niandeplassen på Billboard Hot 100-lista og låg ei veke på toppen av Easy Listening (adult contemporary)-lista.[1]
Thomas spelte inn «I Just Can't Help Believing» på ny med Vince Gill i 2013 på albumet The Living Room Sessions. Nyinnspelinga vart gjeven ut på singel 6. mars 2013.[2]
Andre versjonar
endre- Songen vart opphavleg spelt inn av Bobby Vee i 1969 på albumet Gates, Grills and Railings.
- Bobby Doyle gav songen ut på singel i 1969 for Warner Brothers.
- Songen vart spelt inn av Leonard Nimoy i 1969 på albumet The Touch of Leonard Nimoy.
- Songen vart spelt inn av Elvis Presley i 1970 og gjeven ut på albumet hans That's the Way It Is. Songen vart gjeven ut på singel i Storbritannia i november 1971, der han nådde sjetteplassen.
- David Frizzell sin versjon nådde 36. plassen på den amerikanske Billboard Country Singles-lista i 1970.
- Songen vart spelt inn av den filippinske songaren Nora Aunor i 1971 på albumet The Song of My Life.
- Barry Mann spelte inn songen i 2000 på soloalbumet Soul & Inspiration.
- Songen vart spelt inn av Marco T på spansk i 2004 på albumet Request Songs Canciones de Amor.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «I Just Can't Help Believing» frå Wikipedia på engelsk, den 18. januar 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 242.
- ↑ «R&R :: Going For Adds :: Country». Radio & Records. Arkivert frå originalen 24. desember 2013. Henta 18. januar 2017.