I agápi akóma zi
«I agápi akóma zi» (gresk «Η αγάπη ακόμα ζει», Kjærleiken lever framleis) er ein singel av Stavros & Konstantína. Songen er skriven av Stavros Siderás.
«I agápi akóma zi» | |||||
---|---|---|---|---|---|
Eurovision Song Contest 1983 | |||||
Land | Kypros | ||||
Artist(ar) | Stavros Siderás og Konstantína Konstantínou | ||||
Alias | Stavros & Konstantína | ||||
Språk | Gresk | ||||
Komponist(ar) | Stavros Siderás | ||||
Låtskrivar(ar) | Stavros Siderás | ||||
Resultat | |||||
Finalepoeng | 26 | ||||
Finaleplass | 16 | ||||
Kypros i Eurovision Song Contest | |||||
|
Eurovision
endreEurovision Song Contest 1983
endreRadiofonikó Ídrima Kýprou hadde ein intern uttaking der dei valde ut bidraget som representerte Kypros i Eurovision Song Contest 1983 i München i Vest-Tyskland.[1] Duoen Stavros & Konstantína, sett saman av Stavros Siderás og Konstantína Konstantínou , fekk framføre «I agápi akóma zi», på gresk. «I agápi akóma zi» er skriven av Stavros Siderás. I finalen enda Kypros på 16. plass med 26 poeng; seks frå Jugoslavia, fem frå Vest-Tyskland og Israel, fire frå Noreg og Belgia og eitt frå Sveits og Danmark. Dette er det einaste kypriotiske bidraget som ikkje har fått poeng frå Hellas i ein finale, dei åra både Kypros og Hellas har delteke i finalen.
Fotnotar
endre- ↑ «Chipre Eurovisión 1983» (på spansk). eurovision-spain.com. Henta 17. april 2014.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «I Agapi Akoma Zi» frå Wikipedia på engelsk, den 17. april 2014.