Kypros i Eurovision Song Contest
Kypros debuterte i Eurovision Song Contest i 1981 og har delteke i tevlinga 36 gongar. Kypros har aldri vunne Eurovision Song Contest, og er per 2019 det landet som har delteke flest gongar utan å vinne.[1] Kypros har ein andreplass som beste plassering, i 2018 med Eléni Fouréira og songen «Fuego». Sidan innføringa av semifinalar i 2004, har Kypros kvalifisert seg til finalen 9 av 15 gongar.
| |||||
---|---|---|---|---|---|
![]() | |||||
|
|||||
Uttakingar | |||||
Nasjonalt | 20 | ||||
Internt | 16 | ||||
Deltaking | |||||
Debutår | 1981 | ||||
Deltakingar | 36 | ||||
Beste resultat | |||||
Semifinalen | 2 (2018) | ||||
Finalen | 2 (2018) | ||||
Verste resultat | |||||
Semifinalen | 18 (2011) | ||||
Finalen | Sist (1986) | ||||
Poeng | |||||
Semifinalane | 1 350 | ||||
Finalane | 2 006 | ||||
Totalt | 3 356 |
HistorikkEndra
Det er den kypriotiske kringkastaren RIK som har ansvaret for å velje artist og song som skal representere Kypros i Eurovision Song Contest. Debuten kom i 1981, med gruppa Island og songen «Mónika». Det kypriotiske bidraget havna på ein sjetteplass, noko som framleis er eit av dei beste plasseringane til Kypros i Eurovision Song Contest. Kypros fekk nok ein god plassering året etter, då ein av det store songstjernane i Kypros, Ánna Víssi, fekk ein femteplass med songen «Móno i agápi». Songen fekk blant anna 12 poeng frå den norske juryen.[2]
I Bergen i 1986, fekk Kypros sin fyrste og førebels einaste sisteplass med Elpída og «Tóra zo». To år seinare trekte Kypros seg frå tevlinga då det viste seg at vinnarlåten i den kypriotiske finalen «Thimáme» tidlegare hadde vore sendt inn til den kypriotiske finalen i 1984, noko som var eit brudd på dei kypriotiske tevlingsreglane.[3] Kypros stod også over Eurovision Song Contest i 2001 på grunn av dårlege resultat åra før, og i 2014 på grunn av økonomiske problem. Kypros returnerte til tevlinga året etter og har delteke sidan.[4]
Per 2019 har Kypros delteke 36 gongar og er det landet som har delteke flest gongar utan å vinne.[5] Men i 2018 var Kypros svært nære ved å vinne for fyrste gong, då Eléni Fouréira kom på andreplass med songen «Fuego».
BidragaEndra
RøystehistorikkEndra
FinalaneEndra
|
|
GalleriEndra
Evrydíki i Helsingfors i 2007.
Sjå ògEndra
ReferansarEndra
- ↑ «Cyprus – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 13. mai 2018.
- ↑ «Eurovision Song Contest 1982 – scoreboard». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 26. november 2016.
- ↑ «Eurovision Song Contest 1988». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 26. november 2016.
- ↑ «Cyprus: Withdraws for 2014». The Eurovision Times. 3. oktober 2013. Henta 26. november 2016.
- ↑ Mike (26. juni 2017). «LIST: The ten countries that have competed the most times at Eurovision without a win». wiwibloggs. Henta 27. juni 2017.
KjelderEndra
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen «Kypros i Eurovision Song Contest» frå Wikipedia på bokmål, den 26. september 2020.