«Móno i agápi» (gresk «Μόνο η αγάπη», gresk for Berre kjærleik) er ein song av Ánna Víssi. Songen er skriven av Ánna Víssi.

«Móno i agápi»
Eurovision Song Contest 1982
Land Kypros
Artist(ar) Ánna Víssi
Språk Gresk
Komponist(ar) Ánna Víssi
Låtskrivar(ar) Ánna Víssi
Resultat
Finalepoeng 85
Finaleplass 5
Kypros i Eurovision Song Contest
«Mónika»
(1981)
«Móno i agápi» «I agápi akóma zi»
(1983)

Eurovision endre

Eurovision Song Contest 1982 endre

Radiofonikó Ídrima Kýprou hadde ei intern uttaking der dei valde ut bidraget som representerte Kypros i Eurovision Song Contest 1982 i Harrogate i Storbritannia.[1] Ánna Víssi fekk representere landet med «Móni a agápi», som ho framførte på gresk. Ho hadde òg skrive songen sjølv. I finalen enda Kypros på femteplass med 85 poeng; tolv frå Noreg og Nederland, åtte frå Finland og Sveits, sju frå Spania og Israel, seks frå Vest-Tyskland, fem frå Portugal, Austerrike og Jugoslavia, fire frå Luxembourg og tre frå Storbritannia og Belgia. Saman med femteplassane i 1997 og 2004 er dette den beste plasseringa til Kypros i Eurovision Song Contest fram til i dag.

Fotnotar endre

  1. «Chipre Eurovisión 1982» (på spansk). eurovision-spain.com. Henta 17. april 2014. 

Kjelder endre