Iaal (arabisk ايعال), òg skrive Ī’āl eller I’aal, er ein gammal landsby i Libanon kring 12 km søraust for Tripoli, 85 km frå Beirut og 5 km frå Zgharta.[1][2] Han ligg i Zgharta distrikt i Nord guvernement ved foten av Libanonfjella og har ein veg som går opp i jella, parallelt til Wadi Iaal.[3] Det ligg ei borg på ein åstopp i sentrum av landsbyen.[4][5] Iaal festning vart bygd i 1816 av Mustafa Agha Barbar (guvernør i Tripoli under osmanarane frå 1798) fordi området vart rekna som strategisk med tanke på utsikta, som strekkjer seg heilt til kysten av Middelhavet. Andre bygg i Iaal er mellom anna moskéen langs vegen opp i fjella, kalla Masjid al-Taqwa (arabisk for «Fromheitsmoskeen»), bygd i 1994.[6] Det ligg ein moské til innafor festninga.

Iaal
ايعال
landsby
Land  Libanon
Guvernement Nord guvernement
Distrikt Zgharta distrikt
Høgd 281 moh.
Koordinatar 34°22′N 35°55′E / 34.367°N 35.917°E / 34.367; 35.917
Areal 2,89 km²
Folketal 1 000  (2010)
Folketettleik 346 / km²
Borgarmeister Ahmad Elmir (sidan 2004)
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer +961
Kart
Iaal
34°22′00″N 35°55′00″E / 34.366666666667°N 35.916666666667°E / 34.366666666667; 35.916666666667
Kart som viser Iaal.
Kart som viser Iaal.
Kart som viser Iaal.

Historie

endre

Iaal var busett før Barbar bygde festninga, noko ei osmansk folketeljing frå 1555 syner. Denne synte at det var 34 menn i landsbyen på denne tida (kvinner vart ikkje talde).[7]

Jordbruk

endre

Området kring Iaal får vatn frå Iaal-dammen og elva som flyt ut frå Wadi Iaal.[8] Dette gjer området frodig og byen er kjend for dei mange oliventrehagane.[9]

Klima

endre

Klimaet i Iaal er middelhavsklima med ein god del regn og milde vintrar, og varme, tørre somrar. Årsmiddelnedbøren er 810 mm.

Vêrdata for Iaal, Libanon
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 16 16 19 22 25 27 29 30 29 27 22 18 23
Døgnmiddeltemperatur °C 12 12,5 14,5 17,5 20,5 23 25,5 26,5 24,5 22 17,5 14 19,2
Gjennomsnittleg min °C 8 9 10 13 16 19 22 23 20 17 13 10 15
Kjelde: Kfarsghab.net[10]


Kjelder

endre
  1. Google Maps: Iaal
  2. Iaal's location
  3. Wādī Ī`āl
  4. Iaal festning photo
  5. Iaal festning
  6. The photo is of the Mosque at Iaal «Masgid Al Taqwa» built in 1994
  7. 1555 Iaal census, arkivert frå originalen 17. mai 2008, henta 20. september 2014 
  8. PARTICIPATORY WATER SAVING MANAGEMENT AND WATER CULTURAL HERITAGE: LEBANON COUNTRY REPORT, by K. KARAA, F. KARAM, N. TARABEY, s. 190-191, in Fig, 2. Sites of the Master Plan’s main storage structures and Table 5. Ten Years Master Plan for Dams and ponds construction.
  9. Towns and Villages Neighbouring Tripoli Libanon: I'aal
  10. «Iaal's climatic conditions can be equated with those of Morh Kfarsghab, due to sistnemndes close proximity to Iaal». Kfarsghab.net. 2006. Arkivert frå originalen 25. mars 2016. Henta 20. september 2014.