Ian Bairnson (fødd 3. august 1953)[1] er ein skotsk musikar, mest kjend som eit av dei faste medlemmane i The Alan Parsons Project.[2] Han er multiinstrumentalist og har spelt saksofon og klaverinstrument, men er mest kjend og brukt som gitarist. Han føretrekkjer å bruke ein sixpence-mynt som plekter.

Ian Bairnson
Fødd3. august 1953 (67 år)
FødestadLerwickShetland i Skottland
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1968
SjangerSoftrock
InstrumentGitar, saksofon, klaverinstrument
Tilknytte artistarThe Alan Parsons Project, Kate Bush, Bucks Fizz, Junk, Pilot, Bay City Rollers, Keats
Verka somMultiinstrumentalist

Han var medlem av bandet Pilot og bidrog på hitsingelen deira «Magic.» I lag med resten av Pilot samarbeidde han med Alan Parsons, som var produsent på debutalbumet deira.[2] Han spelte òg på dei fire første albuma til Kate Bush og andre artistar som Bucks Fizz, Yvonne Keeley, Joe Cocker, Jon Anderson, Chris DeBurgh, Mick Fleetwood, Neil Diamond. Han har òg stått på scenen med Sting, Eric Clapton, Beverley Craven og mange fleire.

KjelderEndra

  1. «Ian Bairnson». NNDB. NNDB. 17. desember 2010. Henta 28. mars 2020. 
  2. 2,0 2,1 Martin, Steve (15. september 2004). «Biography: IAN BAIRNSON». TheAvenueOnline ! The ALAN PARSONS Fan Club. The Avenue / Avenue Communications. Arkivert frå originalen 31. juli 2002. Henta 28. mars 2020.