Ibra (arabisk skrift ابراء) er den nest største byen i Ash Sharqiyah Nord guvernement i Oman. Han ligg kring 170 km frå Muscat og har kring innbyggjarar.

Ibra
by
Ibra7.jpg
Land Flag of Oman.svg Oman
Guvernement Ash Sharqiyah Nord guvernement
Koordinatar 22°41′N 58°33′E
Folketal 25 265 (2008)
Tidssone Oman standardtid (UTC+4)

Ibra
22°40′0″ N 58°33′0″ E
Oman adm location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ibra

Ibra er ein av dei eldste byane i Oman og var ein gong eit senter for handel, religion, utdanning og kunst. Ibra er heimstaden til den store Al-Harthy-stamma, ei av dei største og mektigaste stammene i Oman.

HistorieEndra

Ibra vart grunnlagd i før-islamsk tid og har mange borger og gamle moskear.

Ibra har blitt ein meir moderne by sidan 1970 under regjeringstida til sultan Qaboos.

Geografi og klimaEndra

Ibra er omgjeven av fjell på begge sider. Frå november til mars er klimaet relativt kjølig med temperaturar ned mot 10 ºC i desember. Om sommaren er klimaet heitt og tørt, med temperaturar opp mot 50 ºC i juli. Det kjem lite nedbør og det vesle som kjem er om vinteren.

Klimadata for Ibra
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 25 29 33 36 40 43 47 43 40 35 27 23 35 1
Normal min. temp. °C 13 14 17 20 26 27 30 27 24 23 18 17 13
Nedbør (mm) 23 18 13 8 3 1 1 1 1 3 8 15
[treng kjelde]

TuristmålEndra

Hovudattraksjonane i byen er dei mange vakre vakttårna, ein tradisjonell marknad og undergrunnnskanalen Falaj Al-Afrit.

KjelderEndra