Qabus ibn Said

(Omdirigert frå Qaboos av Oman)

Qabus ibn Said (18. november 194010. januar 2020) var sultan av Oman frå 23. juli 1970 til han døydde i 2020. Med nesten 50 år ved makta då han døydde var han den leiaren i den arabiske verda som hadde styrt lengst.[1]

Qabus ibn Said

Arabiskقابوس بن سعيد آل سعيد‎:, Qābūs bin Saʿīd ʾĀl Saʿīd
Fødd18. november 1940
FødestadSalalah
Død10. januar 2020
DødsstadSeeb
FøregangarSaid ibn Taimur
EtterfølgjarHaitham ibn Tariq al-Said
Gift medNawwal bint Tariq al-Said
DynastiAl Said
FarSaid ibn Taimur
MorMazoon al-Mashani

Biografi endre

Qabus ibn Said fekk ei vestleg utdanning i England, mellom anna ved Royal Military Academy. Han blei kalla tilbake til Oman i 1965 (eller 1964) av far sin, Said ibn Taimur, den dåvarande sultanen av Oman, som deretter heldt han i varetekt. Qabus ibn Said overtok styret av landet gjennom ein ublodig palasskupp, truleg med hjelp frå Storbritannia.[2][3] Faren blei send i eksil. Frå 1972 var sultanen òg premiereminister, fram til då hadde han delt makta med onkelen sin Tariq ibn Taimur.[3] Med hjelp av oljepengar starta han eit omfattande moderniseringsprogram for det då svært primitive og isolerte landet.[4] Vegar, sjukehus, skular og hamner blei bygde, og fleire morallover blei avskaffa.[3] Han opna Oman for internasjonalt samarbeid og forbetra relasjonane med andre arabqrstater, Frankrike og Israel.[2] Sultanen heldt igjen den politiske makta innanfor den kongelege familien.[5] Det omanske parlamentet fekk berre ein rådgjevande funksjon.[6]

Eit geriljaopprør i sørdelen av provinsen Dhofar blei slått ned i 1975. I 1996 innførte sultanen den fyrste nedskrivne grunnlova i Oman. I 2002 utvida han røysteretten til å omfatta alle borgarar over 21.[4][3]

Under den arabiske våren i 2011 braut det også ut uro i Oman. Det blei sett fram krav om arbeid og politiske reformer. Sultan Qabus gjekk demonstrantane i møte med eit løfte før valet av representantar til det konsultative rådet i oktober 2011.[5]

Privatliv endre

22. mars 1976 gifte seg Qabus ibn Said med syskenbarnet sitt, Sayyida Kamila. Ekteskapet enda med skilsmisse i 1979.[7] Han hadde ingen barn, og utnemnde fetteren sin Haitham ibn Tariq al-Said som etterfølgjar.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Sultan of Oman dies and is succeeded by cousin» (på engelsk). 11. januar 2020. ISSN 0029-7712. 
  2. 2,0 2,1 «Oman». Nationalencyklopedin. Henta 28. desember 2015. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «Qabus ibn Sa`id». www.rulers.org. Henta 28. desember 2015. 
  4. 4,0 4,1 «Oman - Modern historia». Landguiden. Utrikespolitiska institutet. Arkivert frå originalen 19. januar 2016. Henta 28. desember 2015.  Arkivert 2016-01-19 ved Wayback Machine.
  5. 5,0 5,1 «Qabus ibn Said». Nationalencyklopedin. Henta 28. desember 2015. 
  6. «Politiskt system i Oman». Landguiden. Arkivert frå originalen 19. januar 2016. Henta 28. desember 2015.  Arkivert 2016-01-19 ved Wayback Machine.
  7. «Sultan Qaboos Bin Saeed: A democrat visionary». gulfnews.com (på engelsk). Henta 12. januar 2020. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Qabus ibn Said