Ida Bjørndalen, gift Ida Bjørndalen Karlsson, (fødd 6. mai 1983) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Spydeberg. Ho vart europameister 2014 med Noreg og vann meisterligaen 2009 med danske Viborg HK.

Ida Bjørndalen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. mai 1983 (40 år)
Sarpsborg kommune
Yrke handballspelar

Klubbspel endre

Rykkrom-spelar Bjørndalen spelte lokal handball med HK Trøgstad åra 2000-02. Sommaren 2002 melde ho overgang til toppserielaget Sola HK og var aktiv på laget frå Rogaland i tre sesongar. I 2005 fekk ho kontrakt med serievinnaren, Larvik HK, og vann to strake seriegull før ferda i oktober 2007 gjekk vidare til dansk klubbhandball. Gjennom ti år var Bjørndalen aktiv i høvesvis Viborg HK 2007-09, Kolding/Vejen 2009-14 og Esbjerg 2014-17, før ho la opp. Med Viborg vann ho meisterligaen 2009 og seriegull både i 2008 og 2009. Og med Esbjerg tok ho i 2016 sin tredje danske seriemeistertittel.

Landslaggspel endre

Bjørndalen landslagsdebuterte 26. mars 2004, då Noreg tapte 25-27 på heimebane mot Spania. Fyrst åtte år seinare fekk ho sin meisterskapsdebut, under Handball-EM 2012 i Serbia var ho med å vinne sølv. Eit lite halvår etterpå imponerte ho med å skåre ti mål i landskampen mot Sverige 26. mai 2013, trass i norsk tap 25-28. I desember 2014 deltok ho då Noreg sikra seg EM-trofeet med finalesiger mot Spania. Bjørndalen spelte i alt 35 landskampar og stod for 40 nettkjenningar.

Merittar endre

  • Handball-EM 2012: Sølvmedalje etter 31-34 mot Montenegro
  • Handball-EM 2014: Gullmedalje etter 28-25 mot Spania
  • Norsk seriemeister: 2006 og 2007 med Larvik HK
  • Dansk seriemeister: 2008 og 2009 med Viborg HK, 2016 med Esbjerg
  • Vinnar av meisterligaen: 2009 med Viborg HK
  • Finalist i cupvinnarcupen: 2010 med Kolding IF

Kjelder endre