Kolding er ein hamneby og tidlegare kjøpstad i den sørlege delen av Jylland i Danmark. Byen ligg ved Koldingfjorden. Han er òg senteret i Kolding kommune i Region Syddanmark. Byen er eit transport-, handels- og industrisenter, hovudsakleg retta mot skipsbygging. Andre viktig næringar er produksjon av maskineri og tekstilar, i tillegg til buskapseksport.

Kolding
Ei gågate i Kolding
Ei gågate i Kolding
Ei gågate i Kolding
Byvåpenet til Kolding
Byvåpenet til Kolding
Styresmakter
Land
Region
Kommune
Danmark
Region Syddanmark
Kolding kommune
Grunnlagd 1200-talet[1]
Geografi
Flatevidd
 - By

239 km²
Innbyggjarar
 - By (2013)
   - folketettleik

57 583
  265/km²
Koordinatar 55°29′30″N 09°30′00″E / 55.49167°N 9.50000°E / 55.49167; 9.50000
Høgd over havet 50 m
Diverse anna
Heimeside: www.koldingkom.dk
Plassering

Med eit folketal på 57 583 (2013)[2] innbyggjarar er byen den sjuande største i Danmark.

I Kolding ligg det tidlegare kongelege slottet Koldinghus. Dette vart bygd på 1200-talet, og er i dag eit museum. Visse delar av slottet, som kapellet og spisesalen, vert stundom brukt til statlege seremoniar. Det var den kongelege residensen på Jylland.[3]

St. Nicolai kyrkja av stein er ei av dei eldste kyrkjene i Danmark, bygd på 1200-talet. Andre populære turistattraksjonar er Trapholt kunstmuseum og Geografisk Have. Trapholt inneheld samlingar av dansk kunst frå 1900, og eit mindre utval av utanlandske utstillingar.

Kjelder endre

  1. Søren Olsen: Danmarks købstæder, 144 købstæder og andre gamle byer, Politikens Forlag 2000, side 104, ISBN 87-567-6203-8
  2. Danmarks Statistik: Tabel BEF44. (Vitja 10. februar 2014)
  3. Koldinghus' historie frå Museet på Koldinghus (Vitja 10. februar 2014)