Iddefjordsgranitt er ein type granitt frå Iddefjorden ved Halden. Denne ljosegrå granitten har vore nytta både som gatestein, kantstein, bygningsmateriale og finstein/skulptur.

Gustav Vigeland nytta mykje iddefjordsgranitt i skulpturparken sin i Frognerparken. Mellom anna vart Monolitten hoggen ut av ei svær steinblokk frå Iddefjorden.

BakgrunnsstoffEndra