Ein skulptur (frå latin sculpere, «hogge ut») er eit tredimensjonalt kunstverk av kva som helst slags type. Tradisjonelle skulpturar kan vere hogne i stein eller tre, eller vere laga i materialar som bronse, gips eller porselen. Moderne skulpturar kan vere laga av industrielle materialar som aluminium eller plast, og skulpturar kan også vere ferdig produserte gjenstandar (readymades) som kunstnaren har vald ut i ei bestemt hensikt.

David av Michelangelo er ein av dei mest kjende skulpturane i verda.

Ulike former endre

Den tradisjonelle skulpturen har ofte vore laga som eit minnesmerke, eller som ei markering av eit eller anna nokon vil ha framheva. Den er gjerne figurativ, står på ein bestemt stad og gjev ein bodskap i symbolsk språk.

Den modernistiske skulpturen er til samanlikning ikkje knytt til nokon bestemt stad, den er abstrakt, og den har ingen bodskap ut over det det kunstneriske uttrykket som ligg i skulpturen.

Konseptkunst1970-talet og ulike former for postmoderne kunst har utvida definisjonen av «skulptur», slik at omgrepet kan brukast på nesten alle former for kunstneriske aktivitetar. Særleg mange kunstnarar frå den amerikanske avant-garden frå siste halvdel av 1960-talet, som Robert Smithson, Robert Morris og Gordon Matta-Clark, har vore viktige for utviklinga innan samtidig skulptur. Skulpturomgrepet relaterer i dag like gjerne til ulike former for landskapsprosjekt, arkitektoniske problemstillingar og sosiale mekanismar, som til modernismen sin fokus på «god form» eller tidlegare tradisjonea si framstilling av menneskekroppen.

Norske skulpturar endre

Vigelandsanlegget etter kunstnaren Gustav Vigeland er på 320 mål og inneheld 212 skulpturar. Ørnulf Bast er mellom dei norske skulptørane som ein finn representert over heile landet.

Sjå også endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre