Ideal væske

væske utan indre friksjon
(Omdirigert frå Ideell væske)

Ei ideal væske er i væskedynamikken ei væske utan indre friksjon. Ei særskild tyding er ei væske som ikkje har indre friksjon og er inkompressibel. Den klassiske væskedynamikken handsamar berre ideale væsker, men gjeld tilnærma for væsker med liten indre friksjon, når det ikkje er nokre faste lekamar i vegen, som til dømes for overflatebølgjer i vatn. På grensa mot faste lekamar blir det i reale væsker eit grensesjikt, der rørsla til væska relativt til dei faste grenseflatene minkar raskt for å forsvinne heilt ved grenseflatenen. Verknaden av den indre friksjonen vert her stor, så lova for ideale væsker gjeld ikkje i grensesjiktet. For dette gjeld tilnærma Prandtls grensesjiktslikningar.

Kjelder endre