Tyngdebølgjer er i væskedynamikk ei bølgje i ei væske eller i grenseflata mellom to medium (t.d. atmosfæren og havet) der tyngdekraft eller oppdrift er den gjenopprettande krafta.

Havbølgje
Bølgjeskyer over Theresa i Wisconsin i USA
Atmosfæriske tyngdebølgjer sett frå verdsrommet. [1]

Når ein væskepakke blir forskyvd på ei grenseflate eller internt i område med forskjellig tettleik, vil tyngdekrafta trekke pakken tilbake til likevekt, noko som fører til ei svinging om likvektspunktet. Tyngdebølgjer mellom luft-sjø grenseflata blir kalla overflate tyngdebølgjer eller overflatebølgjer, medan interne tyngdebølgjer vert kalla interne bølgjer. Havbølgjer eller tsunamiar er døme på tyngdebølgjer.


Atmosfærisk dynamikk endre

Sidan ei væske er eit kontinuerleg medium vil ei forstyrring forflytte seg i væska. I jordatmosfæren blir momentum flytta frå troposfæren til mesosfæren ved hjelp av tyngdebølgjer. Tyngdebølgjer oppstår i troposfæren i samband med frontsystem eller når luft strøymer over fjell. I starten vil bølgjene forplante seg gjennom atmosfæren utan at den midla farten blir endra. Men når bølgjene kjem opp i tynnare luft i høgda aukar amplituden deira og ikkje-lineære effektar får bølgjene til å bryte, noko som overfører momentum til den midla luftstraumen. Denne prosessen spelar ei viktig rolle for dei dynamiske prosessane i midlare område av atmosfæren.

 
Tyngdebølgjemønster forma nedstraums øya Île Amsterdam, ei vulkansk øy i det sørlege Indiahavet.

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre