Idlewild er eit skotsk rockeband som blei oppretta i Edinburgh i 1995. Det er sett saman av Roddy Woomble (vokal), Rod Jones (gitar, bakgrunnsvokal), Colin Newton (trommer), Andrew Mitchell (bass) og Luciano Rossi (klaver).

Idlewild

Aktiv1995–
Sjangeralternativ rock
PlateselskapParlophone, Cooking Vinyl

I byrjinga var lyden til Idlewild raskare og meir dissonant enn den til mange av dei samtidige gruppene deira på 1990-talet. Over tid utvikla han seg til ein sveipande, melodisk rockelyd som på The Remote Part og Warnings/Promises.

I 2010 byrja bandet ein ubestemt pause, men kom saman att igjen i slutten av 2013 for å spela inn sitt sjuande album, Everything Ever Written, som kom ut i 2015. Dette blei følgt av Interview Music i 2019.

Historie endre

Idlewild har namn etter ein roleg møtestad i Anne of Green Gables. Gruppa blei danne i Edinburgh i desember 1995 då ein 19 år gamal Roddy Woomble møtte trommeslagaren Colin Newton på ein fest. Dei to oppdaga at dei hadde mykje til felles, inkludert liknande musikkinteresser og platesamlingar. Ved slutten av kvelden hadde dei drømt om å danna eit band saman. Den same kvelden blei dei presentert for gitaristen Rod Jones og dei tre heldt kontakten etterpå, og kom saman for å høyra på musikk. Snart byrja trioen å skriva songar saman, og ettersom dei trengte ein bassist, tok dei med Phil Scanlon inn i gruppa, sidan han hadde ein bassgitar.

Idlewild hadde sin fyrste konsert den 16. januar 1996, på Subway Club i Edinburgh, for eit publikum av tretti venar. Dette førte til mange fleire show rundtom i Edinburgh i året som følgde. I mai 1996 drog gruppa, som no hadde skrive over tjue songar, inn i Split Level Studios for å spela inn. Desse opptaka gav bandet mange bestillingar frå ulike lokale rundtom i Skotland, inkludert i Glasgow. Lokale publikasjonar som høyrde innspelinga gav henne gode meldingar.

Phil Scanlon bestemte seg for å forlata gruppa i februar 1997 for å konsentrera seg om studiane sine. Woomble bad Bob Fairfoull om å erstatta bassisten. Fairfoull hadde vore til stades på alle Idlewild-showa sidan midten av 1996, og hadde imponert andre med sine eigne spoken word, soloakustiske show og framføringar med bandet Pussy Hoover. Fairfoull debuterte med Idlewild den 28. februar på baren Nice N' Sleazy's i Glasgow.

Diskografi endre

Studioalbum

  • Hope Is Important (1998)
  • 100 Broken Windows (2000)
  • The Remote Part (2002)
  • Warnings/Promises (2005)
  • Make Another World (2007)
  • Post Electric Blues (2009)
  • Everything Ever Written (2015)
  • Interview Music (2019)[1]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Idlewild