Idol Noreg
Idol: Jakten på en superstjerne er eit norsk fjernsynsprogram på kanalen TV2, basert på det populære britiske programmet Pop Idol. Programmet skildrar formålet sitt i undertittelen «jakta på ei superstjerne». I Idol vert vanlege menneske invitert til å synge i ein audition i fleire byar. Eit panel på tre til fire domarar inviterer nokre av deltakarane til å delta vidare i programmet. Deltakarane vert færre og færre ved at det vert gjennomført fleire songprøver, der berre nokre deltakarar går vidare. Etterkvart er det opp til fjernsynssjåarane å avgjere kven som skal gå vidare, ved å stemme på sine favorittar ved hjelp av telefon og SMS.
Type | fjernsynsprogram |
---|---|
Sjanger | musikkprogram, talentkonkurranse |
Opphavsland | Noreg |
Sesongar | 9 |
Språk | norsk |
Skapar | Simon Fuller |
Basert på | Idol Nederland |
Vinnarar Endra
- 2003: Kurt Nilsen
- 2004: Kjartan Salvesen
- 2005: Jorun Stiansen
- 2006: Aleksander Denstad With
- 2007: Glenn Lyse
- 2011: Jenny Langlo