Idrettslaget Varegg

Idrettslaget Varegg (stifta 11. april 1947) er eit norsk idrettslag frå Sandviken i Bergen, som oppstod ved at dei tidlegare idrettslaga Pallas og Høgdkameratane slo seg saman. Klubben er kjend for å ha eit godt samarbeid med Nordnes Idrettslag og Sandviken Idrettslag. Varegg fotball arrangerer den årlege Varegg Cup, som vert spelt på ulike banar rundt i Bergen. Varegg arrangerer Stoltzekleiven Opp.

Fotball endre

A-laget i fotball for herrar spelar 2013-sesongen i 3. divisjon, etter å ha rykt opp frå 4. divisjon i 2011.

Orientering endre

Etter ein lang tørkeperiode starta orienteringssatsinga igjen i 1997. Klubben har utvikla seg fort og vart raskt den leiande orienteringsklubben i Hordaland. I dei siste åra har orienteringsmiljøet i Bergen sentrert seg rundt Varegg. Både nivået og storleiken på klubben har vakse svært mykje. Varegg har sidan tilsetjingane av fulltidstrenarar vunne medaljar, spesielt i Noregsmeisterskapa. Stortalentet til Varegg, Håkon Jarvis Westergård, tok bronse i Juniorverdsmeisterskapen i 2012. 

Bakgrunnsstoff endre