Idse er ei øy i Strand kommune i Rogaland. Næraste naboøy er Idsal i søraust. På Idse vert det drive fleire gardsbruk på sør- og austsida av øya. Her vert det dyrka potet, tomat, agurk, jordbær, blåbær og juletre. På nord- og vestsida er det hytteområde. Spesielt på Tangane og Kjeksevåg finst det hytter som skriv seg heilt tilbake til 1940-åra, då folk og familiar frå Stavanger og omland flykta frå byen under krigen og bygde «hytter» på Idse. I dei seinare åra har hytteutbygginga auka kraftig, noko som truleg har samanheng med gode samband til Stavanger/Sandnes-området. Det er i dag registrert mellom 300-400 hytter på øya.

Idse
Geografi
Stad Vestlandet
Koordinatar 58°59′08″N 05°56′12″E / 58.98556°N 5.93667°E / 58.98556; 5.93667

Areal 4,9 km²

Høgaste punkt Storvarden (146 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Rogaland

Grunnleggaren av den anerkjende «A. Idsøe AS» Kjøtt & Pølseforretning, med namn Tore Idsøe, stammar opphavleg frå Idse. A. Idsøe AS vart etablert i 1828, og er det eldste firmaet i Stavanger.