Opna hovudmenyen

Strand kommune

kommune i Rogaland

Strand er ein kommune i Rogaland fylke, i landskapet Ryfylke. Jørpeland i Strand med om lag 6000 innbyggjarar vart by i 1998. Tettstaden Tau har om lag 3000 innbyggjarar.

Strand kommune
kommune
Jorpeland.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Rogaland
Adm.senter Jørpeland
Areal 218 km²
 - land 195 km²
 - vatn 23 km²
Folketal 12 638 (1. januar 2018)
Folketettleik 65 / km²
Målform nøytral
Ordførar Irene H. Lauvsnes (H)
Kommunenr. 1130
NO 1130 Strand.svg
Wikimedia Commons: Strand, Norway
Nettstad: www.strand.kommune.no

Strand kommune dekkjer ei halvøy som ligg mellom Idsefjorden og Fognafjorden/Årdalsfjorden og fleire småøyar, som Idse, Idsal og Hidle. Kommunen fekk dei noverande grensene sine i 1965, då landet på sørbredden av Årdalsfjorden blei overført frå Årdal kommune.

Kommunen har namn etter ein strandliggjande gard. Kommunevåpenet viser tre raude vasshjulsølv bakgrunn.

ØkonomiEndra

Næringslivet i Strand har tradisjonelt vore sterkt dominert av metallindustrien gjennom Stavanger Staal, seinare Scana Steel Stavanger AS. Verkstadindustri er ei anna viktig næring. Jørpelandselva og Tauelva er bygde ut med kvart sitt kraftverk. Innan landbruk blir det drive med dyrehald og fruktdyrking og noko skogbruk.

Kjente strandbuarEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.