Opna hovudmenyen
Igarka
Игарка
Horisonten til
Byvåpenet til Igarka
Byvåpenet til Igarka


Plassering
Igarka is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Krasnojarsk kraj
Grunnlagd
Bystatus
1929
1931
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

6 980
Koordinatar 67°28′00″N 86°34′00″EKoordinatar: 67°28′00″N 86°34′00″E
Tidssone
- Ved sommartid
KRAT (UTC+7)
KRAST (UTC+8)
Diverse annan informasjon
Postnummer 663200
Retningsnummer (tlf) +7 39112
Nettstad: www.igarkacity.ru

Igarka (russisk skrift Ига́рка) er ein lukka by i Krasnojarsk kraj i Russland med om lag 7000 innbyggjarar. Byen ligg 163 km nord for polarsirkelen. Han er òg ein hamneby ved elva Jenisej og ligg 673 km frå elvemunningen.

Ved byen ligg Igarka lufthamn, som ligg på andre sida av elva, noko som gjer han vanskeleg tilgjengeleg når elva er delvis tint. Om vinteren kan ein køyre over og om sommaren er det båtsamband, men i mellom dette vert transporttilhøva vanskeleg.

Igarka vart grunnlagd i 1929 som ei hamn for eksport av sagbrukprodukt og tømmer. Han fekk bystatus i 1931. Frå 1949 til 1953 vart det gjort eit mislukka forsøk på å knyte Igarka til det russiske jernbanenettet ved Salekhard. Tusenvis av Gulag-fangar omkom under prosjektet.

Hovudattraksjonen i byen er eit merkeleg permafrost-museum[1] som har vunne pan-europeiske premiar[2].

Igarka er ein lukka by, etter at det i 2001 vart innført reiserestriksjonar for utlendingar og for russiske borgarar som ikkje er busett i byen.

KjelderEndra

  1. http://museum.ru/M1405
  2. http://www.europeanmuseumforum.org/Bulletin%20July%202002.pdf

  Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.