Salekhard
Salekhard (til 1933 Obdorsk) er hovudstaden i Jamalo-Nenetsk nordvest i Sibir i Russland, ikkje langt unna der elvene Poluj og Ob møter kvarandre. Salekhard er den einaste byen i verda som ligg nøyaktig på polarsirkelen. Det bur om lag 40 000 menneske i byen (2008).
Salekhard Салехард | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Jamalo-Nenetsk | ||||
Grunnlagd Bystatus |
1595 1938 | ||||
Geografi | |||||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
41 563 | ||||
Koordinatar | 66°32′N 66°38′E / 66.533°N 66.633°E | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
YEKT(UTC+5) YEKST (UTC+6) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Retningsnummer (tlf) | +7 34922 | ||||
Bilnummer | 89 | ||||
Nettstad: www.salekhard.org |
Salekhard er ein viktig hamneby langs breidda av Ob, og han har jarnbanesamband over Uralfjella til Vorkuta og vidare langs stambanen i republikken Komi til resten av det russiske jarnbanenettet. Byen har også flyplass.
I Salekhard er det fiskehermetikkindustri og skipsverft. Det kjem ut ei avis, Poljarnyj krug (Полярный круг). Fleire universitet har avdelingar i Salekhard.
Historie
endreDer Salekhard ligg har det tidlegare vore ein khanti-landsby, Polnovat-Vozj (Полноват–вож). Dei russiske erobrarane grunnla landsbyen Obdorsk (Обдорск) i 1595. Området rundt Obdorsk danna Obdorsk krins i tsartida.
Obdorsk vart administrativt sentrum i Jamalo-Nenetsia 10. oktober 1930. Landsbyen fekk nytt namn i 1933 og bystatus i 1938.