Gulag eller GULAG Høyr Høyr (frå russisk ГУЛаг: Главное управление исправительно-трудовых лагерей, «Glavnoje upravlenije ispravitelno-trudovykh lagerej», som kan omsetjast med «sentraladministrasjonen for arbeidsleirane») var den delen av Sovjetunionens hemmelege politi og tryggingsteneste som dreiv slavearbeids- og konsentrasjonsleirar. Gulag var ei undergruppe av det hemmelege politiet NKVD. Seinare har Gulag vorte brukt generelt som synonym for arbeids- og straffeleirar, også utanfor Sovjetunionen.

Gulag-fangar i arbeid sist på 1930-talet

Gulag-systemet vart for alvor kjend gjennom Aleksandr Solzjenitsyn si bok Архипелаг ГУЛАГ (Gulag-arkipelet).

Historie endre

Dei fyrste leirane endre

Etter Oktoberrevolusjonen i 1917 vart ei rekkje eksisterande fengselsfasilitetar/arbeidsleirar i Sibir modifiserte og utbygde. Desse leirane, som tidlegare husa fiendane til monarkiet, vart då brukte til å huse - og «igjenoppdra» – «fiendane til revolusjonen». I starten vart lokalitetane til Gulag-leirane primært valde med mål om å isolere fangane. Aude, forlatne kloster vart ofte brukte til opprettinga av nye arbeidsleirar.

Leiren på øya Solovetsky i Kvitehavet var ein av dei tidlegaste, ettersom han vart bygd kort tid etter revolusjonen i 1918. Daglegdagsnamnet på øya, Solovki, vart eit russisk synonym for arbeidsleiren. Solovki vart presentert for Vesten, som eit døme på den nye sovjetiske igjenoppdraginga av fiendane til folket (forretningsmenn, arbeidsgjevarar, tidlegare politimenn, høgtståande geistlege med fleire), og korleis ein reintegrerte dei i det nye sovjetiske samfunnet gjennom hardt fysisk arbeid. I byrjinga hadde dei innsette, for det meste russiske intellektuelle, ein relativ høg grad av fridom. Dei kunne ferdast fritt innanfor den naturlege grensa til øya. Lokale aviser og magasin vart redigerte på øya, og det vart òg utført litt vitskapleg forsking der. Men med tida vart det til ein vanleg Gulag-leir, med alt det innebar. Nokre historikarar hevdar såleis, at Solovki var ein slags «pilot-leir», og at erfaringane herifrå vart overførte til dei nye leirane.

Startinga, utviklinga og avviklinga av Gulag endre

Ordren om opprettinga av Gulag, og lovheimelen for systemet vart gjeven i form av eit hemmeleg dekret som vart utsendt av den sovjetiske leiinga 11. juli 1929. Her vart retningslinene for dei såkalla forbetrande arbeidsleirane utstukne. Gulag-administrasjonen vart lagt hjå OGPU, det hemmelege sovjetiske politiet (det seinare GUGB under NKVD). 25. april 1930 var GULAG ein realitet. Det heitte då ULAG fram til ei namneendring i november.

1930-talet vart det gjennomført ei sterk innstramming av den sovjetiske rettspolitikken. Dette førte til ein markant auke i talet på innsette i Gulag. Under «den store terroren» frå 1937 til 1938 vart det føreteke eit hav av skjønsmessige massepågripingar, der heile grupper vart pågripne på den minste mistanke. Pågripingane vart som regel føretekne på grunnlag av ein av dei mange passasjane i den berykta artikkel 58, som inneheldt ein brei definisjon av omgrepet «kontrarevolusjonær verksemd». Hundretusenvis vart pågripne på dette grunnlaget. Straffa for konvensjonelle brotsverk vart òg sett opp. Alle kunne sendast til Gulag dersom vedkomande hadde gjort eit brotsverk som vart taksert til meir enn 3 års fengsel. Desse tiltaka fekk sjølvsagt mengda av innsette i Gulag-leirane til å stige kraftig.

I 1931, éitt år etter oppføringa, husa Gulag-leirane om lag 200 000 fangar. I 1935 var det om lag 800 000 i leirane, og 300 000 i dei såkalla koloniane (årleg gjennomsnitt). I 1939 var talet oppe på 1,3 millionar i leirane og ytterlegere 350 000 i koloniane. Under andre verdskrigen fall talet på fangar i Gulag-leirane drastisk. Dette var skulda både at fleire hundre tusen fangar vart innskrivne til militærteneste, og sende direkte til frontlina (dei fleste til særlege «straffebataljonar», som var spesielle militæreiningar, som vart sette inn i dei mest risikable slaga og oppdraga), men òg på grunn av ein sterk auke i talet på døde i leirane i 1942-1943.

Etter krigen steig mengda av innsette kraftig igjen, og nådde i byrjinga av 1950-talet opp på heile 2,5 millionar (av dette var om lag 1,7 millionar innsette i leirane). Det var ein konstant straum av fangar til og frå Gulag, for sjølv om det heile tida vart pågripe nye, vart det òg heile tida frigjeve nokre. Ein kunne t.d. verte frigjeven, dersom ein hadde utført straffa si, verte oppteken i den raude arméen, verte forfremja til fangevaktar eller verte invalid. Det hende òg, at det vart føreteke massefrigjeving av kvinner med små born når det vart for mange av desse i leirane. Difor heldt talet på fangar seg nokonlunde likt heile tida.

Gulag gjekk reelt i oppløysing då Josef Stalin døydde i mars 1953 sjølv om staten offisielt beheldt leirsystemet dei fylgjande åra. Den etterfylgjande benådinga av fangar vart i fyrste omgang avgrensa til dei som høgst hadde sete inne i 5 år. Difor var dei fleste av dei som vart sette fri fangar som var dømde for «vanlege» brotsverk, og altså ikkje politiske fangar. Frigjevinga av politiske fangar starta i 1954. Etter brotet til Nikita Khrusjtsjov med stalinismen på den 20. kongressen til det russiske kommunistpartiet i februar 1956 vart ei masserehabilitering av fangane påbyrja. På slutten av 1950-talet var så godt som alle dei forbetrande arbeids-leirane nedlagde. Koloniane heldt likevel fram.

Offisielt vart Gulag oppløyst av etterfylgjaren til NKVD, MVD, 25. januar 1960.

Tal på drepne og berørte endre

Det totale dokumenterte talet omkomne i leirsystemet og i koloniane frå 1930 til 1956 er 1 606 748. Dette svært presise talet er skulda at Gulag-administrasjonen førte ein nøye statistikk over dei innsette og døde. Talet inkluderer politiske, så vel som vanlege fangar, men det inkluderer t.d. ikkje dei 786 098, som vart dømde til døden og avretta for kontrarevolusjonær verksemd under denne perioden (681 692 av dei vart avretta under den store terroren frå 1937 til 1938), dei fleste av desse kom aldri til leirane. Talet inkluderer heller ikkje dei som var omkomne i arbeidsleirane før dei kom under Gulag-administrasjonen. Mange av dei overlevande fekk òg permanente fysiske og psykiske skader etter at dei kom ut.

Talet på folk som på eit eller anna tidspunkt har vore i leirsystemet, er naturlegvis mykje høgare; eit forsiktig skjønn ligg på omkring 18 millionar sovjetarar[treng kjelde]. I tillegg til dette kjem omkring 6 millionar andre som vart deporterte til Kasakhstan eller Sibir, eller sende i eksil andre stader. Om lag 2/3 av dei innsette var «vanlege» fangar (kriminelle), medan 1/3 var politiske fangar.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gulag
  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.