Ihor Korobtsjynskyj
Ihor Oleksijovytsj Korobtsjynskyj (fødd 16. august 1969) er ein tidlegare turnar frå Luhansk i Ukraina som representerte Sovjetunionen og frå 1992 Ukraina. Han vann tre VM-gull i 1989, to i 1991 og eitt i 1992. Under Sommar-OL 1992 var han med å vinne gullmedaljen i lagtevlinga, saman med eit mannskap frå den oppløyste Sovjetunionen, mellom dei Vitalj Sjtsjerba og Hryhorij Misjutin.
Ihor Korobtsjynskyj | |
Statsborgarskap | Ukraina, Sovjetunionen |
Fødd | 16. august 1969 (55 år) Antratsyt |
Idrett | turn |
Tok del i | Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992 |
Utmerkingar | Idrettens mester i Sovjetunionen |
Korobtsjynskyj fekk sin internasjonale meisterskapsdebut i Turn-VM 1989 i Stuttgart. Her gjekk han til topps i mangekampen og favorittøvinga frittståande, dessutan vann han gull i lagtevlinga for Sovjetunionen i lag med mellom andre Vladimir Artjomov. Ved Turn-VM 1991 i Indianapolis sanka han nye gullmedaljar i frittståande og i lagtevlinga, medan han fekk ein sølvmedalje i skranke.
OL-året 1992 vann Korobtsjynskyj sølv i hopp og bronse i svingstang i Paris-VM, månader seinare vart han i Barcelona olympisk meister i lagtevlinga og han sikra seg ein bronsemedalje i skranke-øvinga. Året etter vann han eitt VM-sølv i skranke då verdsmeisterskapen vart avvikla i Birmingham. Også i Turn-VM 1994 vann han ein medalje, då ein bronse i lagtevlinga for Ukraina. To år seinare gjentok Korobtsjynsky og dei ukrainske lagkameratane den prestasjonen under Sommar-OL i Atlanta.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ihor Korobchynskyi» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mars 2023.
- «Ihor Korobchinskyi» (på engelsk). Olympedia. Henta 10. april 2023.