Antratsyt eller Antratsit (ukrainsk og russisk Антрацит) er ein by i Aust-Ukraina. Han ligg sør i Luhansk oblast (region). Han er det administrative senteret i Antratsyt rajon (distrikt). Byen har kring 80 000 innbyggjarar (2011). Sidan 2014 har byen vore kontrollert av den såkalla folkerepublikken Luhansk.

Antratsyt
Антрацит
by
våpen
Land  Ukraina
Region Luhansk oblast
Rajon Antratsytovsky rajon
Koordinatar 48°7′9″N 39°5′24″E / 48.11917°N 39.09000°E / 48.11917; 39.09000
Areal 61,3 km²
Folketal 78 000  (2011)
Folketettleik 1 272 / km²
Grunnlagd 1895
Borgarmeister Vjatsjeslav A. Salyta
Postnummer 94613
Kart
Antratsyt
48°07′00″N 39°05′00″E / 48.116666666667°N 39.083333333333°E / 48.116666666667; 39.083333333333
Wikimedia Commons: Antratsyt
Nettstad: www.antracit.net

Antratsyt er kalla opp etter dei store førekomstane av antrasitt, ein type kol.

I 1874 fann kosakken Ivan Dvuzjenov kol i nærleiken og i 1904 vart Antratsyt Bokovsky kolgruve bygt. Ein liten busetnad voks opp kring gruva. I 1920 fekk byen offisielt namnet Bokovo-Antratsyt, men dette vart korta ned til Antratsyt i 1962.

Antratsyt ligg 90 km sør for Luhansk, 130 km nordaust for Donetsk og 32 km vest for grensa til Russland.

Kjelder

endre