Ildgrubfossen kraftverk

vannkraftverk i Rana kommune, Nordland fylke, Noreg

66°18′3.31″N 14°21′3.42″E / 66.3009194°N 14.3509500°E / 66.3009194; 14.3509500

Ildgrubfossen kraftverk
Foto: PeltonMan

Ildgrubfossen kraftverk vart etablert i 1916, og har det vart utvida, i 1940, 1950, 1984 og 2005. Anlegget ligg ved Illgruben ved Tverråga i Rana kommune. Kraftverket har ein installert effekt på 6,5 MW og ein middels årsproduksjon på 28 GWh. Helgelandskraft eig Ildgrubfossen kraftverk.

Hovudmagasin for anlegget er Raudvatnet, men på grunn av at dette er eit populært hytteområde, og at Europaveg 12 til Sverige går langs vatnet er dette lite regulert.

Historie

endre

Under andre verdskrigen fann den såkalla «Illgrubaffæren» stad ved kraftstasjonen, som blei brukt til å gøyma radiosendarar, sprengstoff og våpen.

Politiet hadde fått melding om at det var ulovlege radiosendarar i vaktarbustaden på kraftstasjonen, og trudde også at det kunne vera eit våpenlager der. Den 5. april 1943 kom Gestapo for å undersøka staden. Dei fann sju væpna nordmenn som tok til å skyta på tyskarane. Dei såra to av dei, medan norske Petter Gruben blei drepen. Dei andre nordmennene klarte å flykta til Sverige på ski.

Kjelder

endre