Helgeland Kraft

(Omdirigert frå Helgelandskraft)

Helgeland Kraft er ein produsent og leverandør av elektrisitet med hovudkontor i Mosjøen og avdelingskontor i Brønnøysund, Sandnessjøen og Mo i Rana.

Helgeland Kraft
Selskapsformaksjeselskap Sjå dette på Wikidata
Org.nr.917 206 813
Skipa1964
DotterselskapHelgeland Kraft Vannkraft Sjå dette på Wikidata
Bransjestrømforsyningsindustri
HovudkontorMosjøen Sjå dette på Wikidata
Tilsette36 Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttps://www.helgelandkraft.no

HistorieEndra

Aksjeselskapet Helgeland Kraft er ei vidareføring av det kommunalt eigde Helgeland kraftlag som vart etablert i 1964 ved ei samanslåing av Sør-Helgeland kraftlag og Midt-Helgeland kraftlag. Av desse var Sør-Helgeland kraftlag det eldste, som gjorde den første utbygginga i Rørøyfossen på Vega i 1914.

KraftverkEndra

Helgeland Kraft eig åtte kraftverk med ein middels årsproduksjon på til saman 950,6 GWh:

I tillegg har Helgeland Kraft driftsansvar for Kolsvik kraftverk på 630 GWh, der selskapet eig om lag 50 %.

EigarskapEndra

Det er kommunar på Helgeland som eig aksjane i Helgeland Kraft. Aksjonærane er kommunane Alstahaug (10,1 %), Brønnøy (9,6 %), Dønna (4,4 %), Grane (2,5 %), Hattfjelldal (2,5 %), Hemnes (7,0 %), Herøy (3,8 %), Leirfjord (3,2 %), Nesna (4,6 %), Rana (26,8 %), Sømna (3,2 %), Vefsn (18,3 %), Vega (2,8 %) og Vevelstad (1,2 %).

Helgeland Kraft har direkte eller indirekte eigarskap i følgjande selskap:

BakgrunnsstoffEndra