Ildjernet er ei øy i Indre Oslofjord. Ho høyrer til Nesodden kommune og ligg rett ut for den bratte Vardåsen, sør for Flaskebekk og nord for Bjørnemyr og Sunnaas sykehus.

Utsikt over sjøen, foto: Marthinius Skøien, Ildjernet, Nesodden

Ildjernet er berre 0,17 km² stor. Frå gammalt av har det vore drive jordbruk på øya, seinare - på 1800-talet – har det vore ein del busetnad. Ei tid vart det drive pensjonat der, og rundt hundreårsskiftet (om lag 1895-1903) til og med drive eit «forlystingsetablissement» med sjøbad, kurbad, revyscene, dansegolv og vinbodega under namnet Elgjarnes Bad.

I dag er det berre få fastbuande att, men ein del sommargjester vitjar hyttene på øya. Nesoddbåtane går ikkje lenger til kai ved Ildjernet brygge i dagleg rute. Ei helgerute langs Nesoddlandet til Drøbak og Son om sommaren sørgjer derimot for anløp fredagar og søndagar.

Ein del mindre øyar ligg rundt Ildjernet. På utsida av øya ligg Lindholmen, skild frå Ildjernet med eit 60 meter breitt og nokså grunt sund. Innanfor, mellom øya og den bratte åssida, ligg Sutern, og nord for Sutern ligg Kavringen, ein travel liten holme som husar båtverkstad og marina.

Ved grunnen Ildjernsflu i fjorden nord for øya, låg i mange år eitt av dei få fyrskipa i Noreg. Nå er dette erstatta av eit fast fyr.

Kjelder endre