Île-de-France
Île-de-France er ein av regionane i Frankrike og har Paris som største og best kjende by. Området inneheld storbyområdet av hovudstaden Paris, og den folkerikaste i Frankrike med fleire innbyggjarar enn til dømes Belgia og Sverige.
Île-de-France | |||
region | |||
|
|||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Departement | • Essonne • Hauts-de-Seine • Paris • Seine-Saint-Denis • Seine-et-Marne • Val-de-Marne • Val-d'Oise • Yvelines | ||
Hovudstad | Paris | ||
Areal | 12 012 km² | ||
Folketal | 12 317 279 (1. januar 2021) | ||
Île-de-France 48°51′08″N 2°19′03″E / 48.8522°N 2.3176°E | |||
Wikimedia Commons: Île-de-France |
Historie
endreRegionen blei forma av kongedømet som oppstod rundt kapetingarkongane på 900-talet. I det samla franske kongeriket blei han ein provins som markerte den økonomiske interessesona til parisiske kjøpmenn. Grensene endra seg stadig, og blei først fastlagde etter den franske revolusjonen. Den gamle provinsen var større enn dagens region, særleg strekte han seg lengre mot sør og aust.
Etter revolusjonen blei provinsen delt inn i tre departement: Seine, Seine-et-Oise og Seine-et-Marne. I 1945 blei desse tre samla igjen, og gjennom seinare politisk og administrativ desentralisering fekk Île-de-France igjen identitet og makt som minna om den gamle provinsen.
I 1965 auka talet på departement frå tre til dagens åtte. Omstruktureringa va det den energiske parisregionleiaren Paul Delouvrier som stod for. Bakgrunnen var den store makta prefekten av departementet Seine hadde; ho kunne måla seg med den til den franske statsministeren.
Kjelder
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2024) |