Ilmari Salminen
Ilmari Salminen (21. september 1902–5. januar 1986) var ein finsk langdistanseløpar frå Elimäki. Han vart olympisk mester 1936 på 10 000 meter og europameister 1934 på 5 000 m og 1938 på 10 000 m.
Ilmari Salminen | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 21. september 1902 Elimä |
Død | 5. januar 1986 (83 år) Kouvola |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1936 |
Utmerkingar | First Class Medal of the Order of the White Rose of Finland with golden cross, Cross of Merit, in gold, of the Finnish Sports |
Aktiv
endreSalminen deltok i Sommar-OL 1928 og Sommar-OL 1932 utan å utmerke seg. Han fekk sitt store internasjonale gjennombrot då han vann milløpet og tok bronsemedaljen på 5 000- meteren ved EM i friidrett 1934 i Torino. På den fyrste dagen av dei olympiske sommarleikane i Berlin i 1936 spurta Salminen inn til siger på 10 000 meter på tida 30.15,4. Han slo landsmannen Arvo Askola med 0,2 sekund. Volmari Iso-Hollo sikra finsk storeslem med sin tredjeplass. Dette var Finlands femte og siste trippeltriumf i friidrett i olympiske sommarleikar. Fem dagar seinare enda Salminen som nummer seks på 5 000 meter etter å ha falle 750 meter frå mållinja. I 1937 sette han verdsrekord på 10 000 meter ved å springe på 30.05,5 i Kouvola.[1] Året etter avslutta han internasjonalt ved å vinne 10 000 meter under EM i friidrett 1938 i Paris.
Salminen vart finsk meister 1932 på 5 000 meter, og 1934, 1935, 1937 på 10 000 meter. I 1942 vann begge distansane ved den nasjonale meisterskapen.
Personbeste
endre- 5 000 m: 14.22,0 (1939)
- 10 000 m: 30.05,5 (1937)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ilmari Salminen» frå Wikipedia på engelsk, den 8. juni 2024.