Ilona Gusenbauer (fødd Ilona Majdan16. september 1947) er ein austerriksk tidlegare høgdehoppar som vart europameister i øvinga i 1971, og same sesongen sette ny verdsrekord med 1,92 meter.

Ilona Gusenbauer
Ilona Gusenbauer 1972.jpg
Fødd 16. september 1947
Gummersbach
Yrke friidrettsutøvar
Ilona Gusenbauer på Commons

AktivEndra

Gusenbauer deltok i sin fyrste store meisterskap under sommar-OL 1968 i Mexico-byen, der ho med sluttresultatet 1,76 m enda som nummer åtte. To år seinare fekk ho bronsemedaljen under universiaden i Torino.

I 1971-sesongen opplevde Gusenbauer høgdepunkta i si tid som aktiv. I august vann ho gullmedaljen i europameisterskapen i Helsingfors, då ho var den einaste som svinga seg over 1,87 m. Tre veker seinare, 4. september 1971, forbetra ho under eit stemne på Praterstadion i Wien verdsrekorden til 1,92 m, og sletta dermed den ti år gamle rekorden til Iolanda Balaș frå Romania.

Til dei olympiske leikane 1972 reiste Gusenbauer som favoritt. I finaletevlinga overraska 16 år gamle Ulrike Meyfarth frå vertslandet Vest-Tyskland stort og tok gullmedaljen då ho tangerte verdsrekorden med 1,92 m. Gusenbauer oppnådde 1,88 m og fekk bronse på same høgda som sølvvinnaren Jordanka Blagojeva frå Bulgaria.

Gusenbauer vart austerriksk meister i høgdehopp ti gongar, den fyrste tittelen tok ho i 1966.

KjelderEndra