Ilta-Sanomat (namnet tyder Kvelds-Avisa) er ei finsk tabloidavis som blir gjeve ut av Sanoma Osakeyhtiö. Ilta-Sanomat er Finlands nest største avis etter Helsingin Sanomat, og den største tabloidavisa i Finland. Ilta-Sanomat Oy publiserer også tippeavisa IS Veikkaaja. I 2005 kjøpte Ilta-Sanomat nettauksjonsstaden Huuto.net.

Ilta-sanomat vart grunnlagt i 1932. Den dåverande redaktøren i Helsingin Sanomat, Eljas Erkko meinte at det antiparlamentaristiske høgreleidde Mäntsälä-opprøret var ei så stor hending, at det var trong til ei heilt eiga avis for å rapportere om det. Den opphavlege planen bak Ilta-Snomat var med andre ord å fungere som ettermiddagsutgåve for Helsingin Sanomat.

Ilta-Sanomat kjem ut seks dagar i veka, til skilnad frå dei finske abonnementsavisene, som alltid har komme ut sju dagar i veka. Laurdagsavisa er i sal heile helga.

Ilta-Sanomat er rekna som ei meir seriøs nyhendeavis enn den fremste konkurrenten sin, tabloidavisa Iltalehti (Kvelds-Bladet).

Gjennomsnittleg opplag for Ilta-Sanomat er 201 281. (2004)

Kjelde endre

  • Finsk wikipedia

Bakgrunnsstoff endre