Helsingin Sanomat
Helsingin Sanomat (namnet tyder Helsingfors si avis) er Finlands og Nordens største abonnementsavis. I 2003 var kvardagsopplaget på 429 244 søndagsopplaget på 500 269. I 2004 var kvardagspplaget på 434 472. I eit land på 5 millionar innbyggjarar inneber det at avisa har ein posisjon meir dominerande enn det vi finn i dei fleste andre europeiske land.
Helsingin Sanomat | |||
Land | Finland | ||
---|---|---|---|
Type | Avis,[1] dagsavis | ||
Format | Tabloid | ||
Grunnlagd | 1889, 7. Juli 1904'"`uniq--ref-00000001-qinu`"' | ||
Eigarar | Sanoma Corporation | ||
Redaktør(ar) | Eljas Erkko (1931– 1938),[2] Santeri Ivalo (1918– 1920)[2] | ||
Språk | Finsk[1] | ||
Politisk posisjon | Objektivitet | ||
ISSN | 0355-2047,[1] 1239-257X, 1798-1557 | ||
Nettstad | https://www.hs.fi/ (finsk) |
Historie
endreHelsingin Sanomat vart grunnlagt under namnet Päivälehti (namnet tyder «Dagsavisa») i 1889 som talerør for det politiske partiet Ungfinnane. Blant grunnleggjarane var Eero Erkko, forfattaren Juhani Aho og målaren Arvid Järnefelt. Det første nummeret vart publisert 16. november 1889, regelmessige utgåver seks dagar i veka kom først i 1890.
Päivälehti vart stoppa av styresmaktene i juni 1904 fordi ho omtalte mordet på generalguvernør Bobrikov i positive ordelag. I staden grunnla utgjevarane Helsingin Sanomat, det første nummeret kom ut 7. juli 1904. Samtidig vart også utgjevarlutlaget Sanoma Osakeyhtiö, grunnlagt.
Posisjon i den finske marknaden
endreHelsingin Sanomat har vorte kritisert for avisa si dominerande posisjon på den finske avismarknaden, særleg etter at den einaste riksdekkjande konkurrenten, Uusi Suomi gjekk inn i 1991. Internett, gratisaviser og tabloidavisene Ilta-Sanomat ogt Iltalehti har likevel svekka monopolet til Helsingin Sanomat det siste tiåret.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Helsingin Sanomat på engelsk.
- Digital utgåver av årgangane 1889 og 1890.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://digi.kansalliskirjasto.fi/sanomalehti/titles/0355-2047/data.
- ↑ 2,0 2,1 «Helsingin Sanomien aiemmat vastaavat päätoimittajat». Helsingin Sanomat. 3. september 2013. Henta 7. desember 2022.