Busetjinga Immanuel

(Omdirigert frå Immanuel i Israel)

Immanuel, (hebraisk skrift עִמָּנוּאֵל) òg skrive Emmanuel eller Emanuel, er ei israelsk busetjing og ein lokal kommune på den okkuperte Vestbreidda. Immanuel vart grunnlagd i 1983.[2] I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå hadde han eit folketal på 3 660 i 2011, hovudsakleg harediske, ortodokse jødar.[3][1] Immanuel vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten. Den israelske sperringsmuren/-gjerdet på Vestbreidda går aust for Immanuel, og skil dermed busetjinga frå resten av Vestbreidda.

Immanuel
עִמָּנוּאֵל, Imanu'el
lokal kommune
Kommunesenteret i Immanuel lokale kommune
Namneopphav: Gud er med oss
Land  Palestina
Region Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Koordinatar 32°9′42.71″N 35°8′13.98″E / 32.1618639°N 35.1372167°E / 32.1618639; 35.1372167
Areal 2,75 km²
Folketal 3 660  (2011)[1]
Folketettleik 1 331 / km²
Borgarmeister Ezra Gershi
Kart
Busetjinga Immanuel
32°09′43″N 35°08′14″E / 32.16186389°N 35.13721667°E / 32.16186389; 35.13721667
Kart som viser Busetjinga Immanuel.
Kart som viser Busetjinga Immanuel.
Kart som viser Busetjinga Immanuel.
Wikimedia Commons: Immanuel

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Locality File». Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. Arkivert frå originalen (XLS) 23. september 2013. Henta 9. oktober 2014. 
  2. One kid in Immanuel. Haaretz. 6. februar, 2010. Henta 2012-01-01.
  3. http://www.cbs.gov.il/reader/?MIval=%2Fpop_in_locs%2Fpop_in_locs_h.html&Name_h=%F2%EE%F0%E5%E0%EC

Bakgrunnsstoff

endre