Opna hovudmenyen

Immanuels kyrkje

kyrkje i Halden i Østfold

Koordinatar: 59°7′16.216″N 11°23′27.650″E

Immanuels kyrkje
kyrkje
Immanuels kirke 2010-07-18.JPG
Immanuels kyrkje
Foto: Siri Johannessen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Borg
Prosti Sarpsborg
Sokn Halden
Fellesråd Halden
Type Krosskyrkje
Periode Seinempire
Arkitekt Christian H. Grosch
Teknikk Mur
Material Stein
Innvigd 1833
Kyrkjegard Ved Os kapell, 1 km unna
Preikestol I tre, av Chr.H. Grosch
Døypefont I støypejern, av Chr.H. Grosch
Altartavle Kristusfigur frå 1833 av Johan Niclas Byström
Sitjeplassar 900
Wikimedia Commons: Immanuels kirke (Halden)

Immanuels kyrkje er ei krosskyrkje frå 1833 i Halden kommune i Østfold fylke. Bygginga tok til i 1828 etter teikningar av Christian H. Grosch. Kyrkja ligg sentralt i Halden sentrum.

Kyrkja er i oppført tegl og har 900 plassar. Stilen er seinempire. Dåverande riksantikvar Nils Marstein har kalla Immanuelskyrkja i Halden for det viktigaste enkeltmonumentet blant Grosch' mange kyrkjebygg. Vidare har han omtala kyrkja som «empirens sakrale hovedverk i Norge».[1]

Mot altaret i Immanuelskyrkja

InventarEndra

Altaret har ein Kristusfigur frå 1833 utført av Johan Niclas Byström. Preikestolen er av tre og er teikna av arkitekten. Også døypefonten er av Grosch. Han er laga av støypejern.

Det er fem lysekroner i kyrkja, alle frå 1837. Kyrkja har ein del eldre kyrkjesølv, blant anna ei vinkanne frå 1707 og ein kalk med disk og lokk frå 1739.

 
Immanuels kyrkje i 1910
Foto: Riksantikvaren

KjelderEndra


BakgrunnsstoffEndra