Impulsgenerator
Ein impulsgenerator er eit elektrisk apparat som skapar særs korte støytar med høgspenning eller kraftig straum. Slike apparat kan delast inn i to typar: impuls spenningsgeneratorar og impuls straumgeneratorar. Høge impulsspenningar vert nytta til å teste styrken til elektrisk utstyr for overspenning. Den maksimale spenninga kan verte opp til ti millionar volt og straumstøytane opp til over hundre tusen ampere.
Slike apparat vert mellom anna nytta i store laserar og i forskinga på korleis ein kan produsere fusjonsenergi.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Impulse generator» frå Wikipedia på engelsk, den 17. april 2013.