Laser
Laser er ein teknikk for å senda ut lys med lik bølgjelengd og lik fase. Dette vil seia at lyset som regel er einsfarga, koherent, har sterk intensitet og går i éin retning. Ein lager laserlys gjennom stimulert emisjon frå ulike stoff. Ordet «laser» er ei forkorting for Light Amplification by Stimulated Emission of Radiation.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/df/Light_Amplification_by_Stimulated_Emission_of_Radiation.jpg/220px-Light_Amplification_by_Stimulated_Emission_of_Radiation.jpg)
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/69/Laser_spectral_lines.svg/220px-Laser_spectral_lines.svg.png)
Laserlys er smale stråler sett saman av tilnærma parallelle lysstråler som kan avgrensast i rommet og styrast med stor presisjon. Det gjer at ein kan få svært høg temperatur ved å fokusera laserstrålen i på eit punkt, og slik bruka laser til presis skjering eller merking i ulike materiale. Ein laser kan senda ut kontinuerlege stråler eller lyspulsar som kan avgrensast til femtosekund[treng kjelde].
Den første brukbare laseren blei laga av Theodore Maiman i 1960. Teknikken blir i dag brukt innan vitskap, medisin, industri, underhaldning og i dagleglivet til mellom anna cd og dvd-avspeling, innan optisk kommunikasjon, i laserpeikarar og laserskrivarar.
Døme
endre-
Video av laserskjering.
-
Eksperiment med laser.
-
Laserstråler sende ut i rommet for å minska optiske forstyrringar frå jordatmosfæren .
Sjå og
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Laser» frå Wikipedia på svensk, den 9. desember 2009.
- «laser (SML-artikkel)» i Store norske leksikon, snl.no.