Inírida

Inírida er den største sideelva til elva Guaviare i den kolombianske delen av Orinoco-bassenget.

Inírida
elv
Cerros de Mavecure, Inirida - panoramio.jpg
Land Flag of Colombia.svg Colombia
Fylke Guainía-departementet
Munning Guaviare

Inírida
3°54′30″ N 67°55′0″ W
Guaviarerivermap.png
Wikimedia Commons: Inírida River

Lengda på elva er ca. 1 300 kilometer, dei nedste 1000 km er farbare for små fartøy. Det er stryk og fossefall i den øvre og midtre delen av elva. Elva har ei mørk vassfarge på grunn av overflod av planterestar.

Ho har opphavet sitt i Tuhani-fjella i Guaviare-departementet, 25 kilometer frå Cerro Pintado. I det øvre løpet flyter ho først mot vest, deretter svingar ho mot aust, på sletta flyt ho i nordaustleg retning. Elvemunninga ligg i Guainía-departementet, nær byen Inírida, omtrent 25 kilometer frå grensa til Venezuela. Elva Guaviare tar vatn frå Inírida, renn deretter nordaust i 25 kilometer, og saman med Atabapo-elva flyt dei inn i Orinoco nær den venezuelanske byen San Fernando de Atabapo.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Inírida