In the Dark av Grateful Dead
In the Dark Studioalbum av Grateful Dead | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 6. juni 1987 | |
Innspelt | 6. til 13. januar 1987 | |
Studio | Marin Veterans Memorial Auditorium i San Rafael i California | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 40:37 | |
Selskap | Arista | |
Produsent | Jerry Garcia, John Cutler | |
Grateful Dead-kronologi | ||
---|---|---|
Dead Set (1981) |
In the Dark | Dead Zone: The Grateful Dead CD Collection (1977–1987) (1987)
|
In the Dark er det tolvte studioalbumet til Grateful Dead. Det vart spelt inn i løpet av ei veke i januar 1987 og først gjeve ut 6. juli 1987.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Robert Christgau | C+[2] |
Rolling Stone | Positiv[3] |
In the Dark var det første albumet til bandet på seks år og det første studioalbumet sidan Go to Heaven i 1980. Det vart uventa populært og selde til dobbel platinaplate i USA. Det nådde sjetteplassen på Billboard 200-lista og vart det einaste albumet deira som nådde topp 10 på albumlista. Songen «Touch of Grey» nådde niandeplassen på Billboard Hot 100, den einaste singelen deira som nådde topp 40.[4] Musikkvideoen til songen vart òg mykje vist på MTV. «Hell in a Bucket» og «Throwing Stones» (som det òg vart laga musikkvideoar for) vart mykje spelt på radio.
Produksjon
endreDei fleste songane var blitt spelt av The Dead sidan 1982 eller 1983, noko som gav dei fem år på å klargjere dei for albumet. Etter at Go to Heaven fekk harsk kritikk vart In the Dark mykje betre teken i mot.
Sidan bandet hadde spelt songane ei stund, valde dei å spele inn grunnspora i eit mørklagt, tomt teater («In the Dark»), på ein scene med dei same lysa som dei brukte på konsertane sine. Ideen var å fange «kjensla» dei hadde for songane då dei spelte dei på scenen. Dette vart gjort i Marin Veterans Memorial Auditorium i San Rafael i California.
Trommeslagaren Bill Kreutzmann fortalte: «Me køyrde alle dei elektriske instrumenta gjennom forsterkarar i kjellaren i isolerte rom, og heldt trommene lyse og høglydte på scenen. Alt vart sendt til innspelingslastebilen som stod parkert utafor. Alle spelte sine parti samstundes, i lag. Når me hadde pause gjekk me bak scenen og sat der og snakka om det me hadde gjort. Me snakka om musikk, og så gjekk me rett ut att og spelte musikk, og så snakka me litt meir om det. Det er noko me burde ha gjort oftare - analysane tente songane og kameraderiet tente bandet. Det tok oss verkeleg til ein bra stad.»[5]
Dei tok så desse spora inn i studio og om naudsynt «reinska» dei, la til ekstra lydspor eller gjorde enkelte ting om att.
In the Dark kom ut på CD i 1987 på Arista Records og igjen i 2000 på BMG International. Det vart ommastra med bousspor og nytt omslag for plateboksen Beyond Description (1973–1989) i oktober 2004. Denne utgåva kom ut som eige album i 2006.
Innhald
endreOriginalutgåve
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solosongar | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Touch of Grey» | Jerry Garcia | 5:47 | |
2. | «Hell in a Bucket» | Bob Weir | 5:35 | |
3. | «When Push Comes to Shove» |
| Jerry Garcia | 4:05 |
4. | «West L.A. Fadeaway» |
| Jerry Garcia | 6:39 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Solosongar | Lengd |
---|---|---|---|---|
5. | «Tons of Steel» | Mydland | Brent Mydland | 5:15 |
6. | «Throwing Stones» |
| Bob Weir | 7:18 |
7. | «Black Muddy River» |
| Jerry Garcia | 5:58 |
8. | «My Brother Esau» |
| Bob Weir | 4:20 |
Merk: «My Brother Esau» var ikkje med på LP- og CD-utgåva av In the Dark, men var med på kassettutgåva og internasjonale utgåver av albumet, i tillegg til utgåva frå 2004.
Nr. | Tittel | Innspelingsdato | Lengd |
---|---|---|---|
9. | «West L.A. Fadeaway» (alterantiv versjon) | Mars 1984 Fantasy Studios, Berkeley, CA | 7:09 |
10. | «Black Muddy River» (unytta studioopptak) | 5. desember 1986 Club Front, San Rafael, CA | 5:41 |
11. | «When Push Comes to Shove» (unytta studioopptak) | 5. desember 1986 Club Front, San Rafael, CA | 4:22 |
12. | «Touch of Grey» (unytta studioopptak) | August 1982 Club Front, San Rafael, CA | 5:47 |
13. | «Throwing Stones» (konsertopptak) | 4. juli 1987 Sullivan Stadium, Foxboro, MA | 9:36 |
Medverkande
endreGrateful Dead
endre- Jerry Garcia – gitar, vokal
- Bob Weir – gitar, vokal
- Brent Mydland – klaverinstrument, vokal
- Phil Lesh – bass
- Bill Kreutzmann – trommer
- Mickey Hart – trommer, perkusjon
Produksjon
endre- Bob Bralove – programmering, spesialeffektar
- Guy Charbonneau – lydteknikar
- Dan Healy – lydteknikar
- Jeffrey Norman – lydteknikar
- David Roberts – lydteknikar
- Jeff Sterling – lydteknikar
- John Cutler – produsent, lydteknikar
- Gail Grant – design
- Herb Greene – kunstnarisk leiar, fotografi
- Randy Tuten – plateomslag
Salslister
endreAlbum - Billboard
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1987 | The Billboard 200 | 6[7] |
Singlar - Billboard
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1987 | «Touch of Grey» | Mainstream Rock Tracks | 1[8] |
The Billboard Hot 100 | 9[8] | ||
Adult Contemporary | 15[8] | ||
«Hell in a Bucket» | Mainstream Rock Tracks | 3[8] | |
«West L.A. Fadeaway» | Mainstream Rock Tracks | 40[8] | |
«Throwing Stones» | Mainstream Rock Tracks | 15[8] |
Salstrofé
endreSertifiering | Date |
---|---|
Gull[9] | 4. september 1987 |
Platina[9] | 18. september 1987 |
Dobbel platina[9] | 10. august 1995 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «In the Dark (Grateful Dead album)» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juni 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Connolly, Dave. «In the Dark». AllMusic. Henta 30. september 2018.
- ↑ Robert Christgau review
- ↑ Rolling Stone review, arkivert frå originalen 9. april 2009, henta 5. juni 2019
- ↑ Albano, Ric (7. september 2012). «In the Dark by Grateful Dead», Classic Rock Review. Henta 22. mars 2014.
- ↑ Kreutzmann, Bill (2015). Deal. St. Martin's Press, New York. Chapter 18. ISBN 978-1-250-03380-2.
- ↑ «Hell in a Bucket», dead.net. henta 29. mars 2013.
- ↑ «Billboard album chart history-Grateful Dead». Henta 1. mars 2009.
- ↑ 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 «Billboard singles chart history-Grateful Dead». Henta 1. mars 2009.
- ↑ 9,0 9,1 9,2 «RIAA Gold & Platinum database-In the Dark». Henta 28. februar 2009.