India Hicks
India Amanda Caroline Hicks (fødd 5. september 1967) er ein britisk aristokrat, designar og tidlegare modell. Etter å ha gått ut frå New England School of Photography blei Hicks interiørdesignar og verka som modell for mellom anna Ralph Lauren. Ho flytta til Bahamas i 1996, der ho gav ut bøker, promoterte heim- og venleiksprodukt og stod bak ei smykkesamling. Hicks har vitja fleire ulukkesstader i rolla si for Global Empowerment Mission. Frå 2015 har ho drive livsstilsverksemda India Hicks, Inc., som m.a. sel moteklede.
India Hicks | |||
| |||
Fødd | India Amanda Caroline Hicks 5. september 1967 London | ||
---|---|---|---|
Land | Storbritannia | ||
Mor | Pamela Hicks | ||
Far | David Nightingale Hicks | ||
Sambuar | David Flint Wood | ||
Barn | Felix Flint Wood, Amory Flint Wood, Conrad Flint Wood, Domino Flint Wood |
Bakgrunn
endreIndia Hicks er det yngste barnet og den yngste dottera til Pamela Mountbatten Hicks (fødd 1929) og David Nightingale Hicks (1929–1998). Ho voks opp i Oxfordshire i England.[1] I feriane var ho på slektseigedommen på Irland og på feriehuset deira, utforma av faren, på Bahamas.[2]
Slektskap med kongehuset
endreHoicks er tippoldebarn av dronning Victoria av Storbritannia, og ho er grandkusine av kong Charles. Mor hennar er syskenbarn av prins Philip, hertug av Edinburgh.
India Hicks er guddottera til kong Charles.[2] Ho var brudejente for lady Diana Spencer då denne gifta seg med prins Charles av Wales i 1981.
India Hicks har ein (teoretisk) arverett til den britiske trona. I arvefølgja er ho plassert etter barna til den eldre systera.
Slekta Mountbatten av Burma
endreIndia Hicks tilhøyrer Mountbatten av Burma-greina av Huset Battenberg.
Ho er barnebarn (dotterdotter) av krigshelten Louis Mountbatten, 1. jarl Mountbatten av Burma. Han var den siste britiske visekongen av India (februar–august 1947), og var generalguvernør i landet frå august 1947 til juni 1948.
Louis Mountbatten og nokre av familiemedlemmene hans blei drepne av det provisoriske IRA under ein fisketur utanfor Sligo på vestkysten av Irland den 27. august 1979.
Karriere
endreEtter å ha gått ut frå college blei Hicks introdusert av faren for Emilio Pucci i Firenze, der ho blei badetøymodell.[3] Seinare var ho mellom anna modell for Ralph Lauren i New York,[3] Tod's,[4] og J.Crew.[5][6] Ho budde i Paris i tre år, og var deretter tre år i New York.[7]
Hicks flytta til Bahamas i 1996.[6] Her restaurerte ho hus, investerte i og utvikla eit hotell og gav ut fleire bøker om design og livsstil.[8] Ho starta ein butikk på Bahamas, Sugar Mill Trading Company, i lag med Linda Griffin.[9] Butikken sel smykke, klede, hushaldsvarer og anna.[10]
Frå 2005 til 2014 arbeidde Hicks som talsperson og kreativ konsulent for Crabtree & Evelyn.[10][11] Selskapet laga produktlinjene India Hicks Island Living og India Hicks Island Night som omfatta såper, lys og parfymar.[8][10][5]
I 2008 var Hicks medprogramleiarfor andre sesong av Top Design i Los Angeles i California.[2][10][5] Ho innførte si eiga smykkeproduktline i 2011.[10]
Privatliv
endreIndia Hicks er gift med David Flint Wood. Paret har fem barn.
Bøker
endre- 2004: Island Life: Inspirational Interiors
- 2006: Island Beauty
- 2015: India Hicks: Island Style
- 2018: India Hicks: A Slice of England
- 2020: An Entertaining Story
Kjelder
endre- ↑ Shorr, Kerry (27. desember 2018). «25 Things To Know About India Hicks». Fort Lauderdale Illustrated. Henta 24. februar 2021.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Muhlke, Christine (19. februar 2009). «Profile in Style: India Hicks». The New York Times. Henta 15. juni 2013.
- ↑ 3,0 3,1 Armstrong, Lisa (14. juli 2018). «How India Hicks went from Princess Diana's bridesmaid to the new queen of accessible luxury». The Telegraph. Henta 9. desember 2020.
- ↑ Moore, Booth (22. juni 2011). «Designer India Hicks's new jewelry line is tribute to her famed father». The Seattle Times.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 Muther, Christopher (20 June 2012). «India Hicks is inspired by her father's designs». BostonGlobe.com. Henta 8 December 2020.
- ↑ 6,0 6,1 «Feature: India Hicks: The Isle of India». Muses and Visionaries Magazine (4): 50–57. 22. april 2014.
- ↑ Macdonald, Marianne (29. mars 2004). «Runaway bridesmaid». Evening Standard. Henta 8. desember 2020.
- ↑ 8,0 8,1 Haughney, Christine (1. mars 2011). «A Royal Wedding? She's Been There». The New York Times. Henta 8. desember 2020.
- ↑ Harris, Waheeda (24. februar 2007). «British gal born into style: India Hicks expands her empire». The National Post. s. PH6.
- ↑ 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 Kim, Susanna (12. april 2011). «Fairytale Life of Princess Diana's Bridesmaid». ABC News. Henta 8. desember 2020.
- ↑ «Ambassadors of India: India Hicks Sells a Way of Life». Direct Selling News. 1. februar 2017. Henta 8. desember 2020.
- Denne artikkelen bygger på «India Hicks» frå Wikipedia på dansk, og «India Hicks» frå Wikipedia på engelsk den 6. september 2024.