Klassisk indisk musikk
(Omdirigert frå Indisk klassisk musikk)
Klassisk indisk musikk viser til sørasiatiske musikktradisjonar som byggjer på ragaer og musikkreglane skildra i verk frå oldtida og mellomalderen. Dei to klassiske hovudtradisjonane er karnatisk musikk frå Sør-India og hindustanimusikk frå Nord-India, Pakistan, Bangladesh og til ein viss grad Nepal og Afghanistan.
Av klassiske musikkverk kan nemnast Natyasjastra frå ein gong mellom 200-talet f.Kr og 200-talet e.Kr., som la grunnlaget for indisk musikk, dans og drama, Brihaddeśi frå om lag 700-talet, det eldste verket som definerer ragaer.
Kjelder
endre- «Classical Music», The Oxford Encyclopaedia of the Music of India oxfordreference.com
- «Brihaddeśi», The Oxford Encyclopaedia of the Music of India, oxfordreference.com