Individuelle nøytrale atletar under Sommar-OL 2024

Individuelle nøytrale atletar, med landkoden AIN (etter fransk Athlètes Individuels Neutres), blei oppretta av Den internasjonale olympiske komitéen (IOK) for å mogleggjere at godkjende utøvarar frå Russland og Belarus kunne få delta i Sommar-OL 2024 i Paris i Frankrike i perioden 26. juli til 11. august 2024.[1]

Symbol
Dei olympiske ringane.

Russlands nasjonale olympiske komité blei suspendert av IOK etter den russiske invasjonen av Ukraina i 2022 og Belarus' nasjonale olympiske komité blei suspendert på grunn av landets medverknad til invasjonen og sin fortsatte støtte til fordel for Russland.[1][2]

AIN-utøvarane blei nekta å bruke det olympiske flagget og olympiahymnen, og måtte difor bruke eit grønt flagg med eit spesiallaga AIN-emblem med grøn skrift på kvit botn. 19. mars 2024 presenterte IOK ein spesialkomponert instrumental melodi som ville bli spelt under medaljeseremonien dersom nokon frå dette laget skulle bli olympisk meister.[1][3][4]

Godkjenning av utøvarar

endre

Kriterium for godkjenning

endre

For å bli vurdert til å kunne delta som nøytral utøvar under nemninga AIN, gav IOK russiske og belarusiske idrettsutøvarar og leiarar fleire spesifiserte kriterium, som blant anna:[1][2][3]

  • Kvalifiserte utøvarar med russisk eller belarusisk pass blei både påmelde og deltakande som Individuelle nøytrale atletar (AIN).
  • Lag som bestod av utøvarar med russisk eller belarusisk pass kunne ikkje bli påmelde eller delta.
  • Utøvarar, lagleiarar og anna støttepersonell som aktivt støtta krigen mot Ukraina kunne ikkje bli påmelde eller delta.
  • Utøvarar, lagleiarar og anna støttepersonell med tilknytingar til dei russiske eller belarusiske militæret eller ein av deira nasjonale tryggleiksorganisasjonar (etterretning), kunne ikkje bli påmelde eller delta.
  • Samtlege utøvarar på AIN-laget måtte, slik som alle andre nasjoner og lags utøvarar, underleggje seg krava til det gjeldande anti-dopingreglementet.
  • Sanksjonane mot statane Russland og Belarus samt representantar for russiske og belarusiske myndigheiter blei oppretthaldne.
  • Flagg, farger eller andre symbol som kunne bli identifiserte som russiske eller belarusiske var ikkje tillatne på nokre av dei offisielle arenaane eller andre liknande stader under avviklinga av leikane.
  • Ingen offisielle personar som representerte den russiske eller belarusiske staten blei inviterte eller akkrediterte.

Nominasjonar og invitasjoner

endre

Særforbunda for kvar enkelt idrett stod for godkjenning og nominasjonar av utøvarar for sine respektive idrettar, og dei kunne også bestemme om dei ikkje ønskte å godkjenne eller nominere nokon. Dei utøvarane som blei godkjende og nominerte av eit særforbund, måtte deretter bli godkjende for deltaking av IOK. Desse blei inviterte individuelt til deltaking i leikane av IOK.

Fleire av dei nominerte og inviterte russiske og belarusiske utøvarane valde å ikkje akseptere invitasjonen.[5][6] Utøvarane som aksepterte invitasjonen og ville delta som AIN, fekk ikkje delta i opningsseremonien. Medaljar som blei vunne av desse utøvarane, blei ikkje registrerte i den offisielle medaljeoversikten til IOK.[7][8][9]

Medaljar

endre
  2024 Paris   Gull     Sølv   Bronse   Total  
  Individuelle nøytrale atletar 1 3 1 5

Medaljevinnarar

endre
  Individuelle nøytrale atletar under Sommar-OL 2024 i Paris  
Medalje Namn Sport Øving Dato
  Ivan Litvinovitsj   Turn Trampoline menn 2. august 2024
  Vijaljeta Bardzilowskaja   Turn Trampoline kvinner 2. august 2024
  Jawhjenij Zalaty   Roing Singlesculler menn 3. august 2024
  Mirra Andrejeva
Diana Sjnajder
  Tennis Dobbel kvinner 4. august 2024
  Jawhjeni Tsikhantsow   Vektløfting 102 kg menn 10. august 2024

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Principles Relating to the Implementation of the Participation for Individual Neutral Atheletes and their Support Personnel with a Russian or Belarusian Passport at the Olympic Games Paris 2024» (PDF). Den internasjonale olympiske komité – olympics.com. 8. desember 2023. Henta 26. desember 2023. 
  2. 2,0 2,1 «Strict eligibility conditions in place as IOC EB approves Individual Neutral Athletes (AINs) for the Olympic Games Paris 2024». olympics.com. 8. desember 2023. Henta 18. desember 2023. 
  3. 3,0 3,1 «Paris 2024 Olympics: Russian and Belarusian athletes allowed to compete as neutrals». bbc.com. 8. desember 2023. Henta 18. desember 2023. 
  4. «AIN Eligibility Review Panel established by IOC EB – Paris Games-time protocol elements agreed on». olympics.com. 19. mars 2024. Henta 23. juni 2024. 
  5. «Only 16 Russians Take up Paris Olympic Places». themoskowtimes.com. 10. juli 2024. Henta 16. juli 2024. 
  6. «Individual Neutral Athletes (AINs) are athletes with Belarusian or Russian passports who have been confirmed as eligible and invited to compete at the Olympic Games Paris 2024.». olympics.com. 13. juli 2024. Henta 16. juli 2024. 
  7. «Russian, Belarusian athletes will not take part in Paris Olympics opening ceremony». france24.com. 19. mars 2024. Henta 2. mai 2024. 
  8. «Russia still banned, but "things change", says Sebastian Coe». insidethegames.biz. 20. desember 2023. Henta 2. mai 2024. 
  9. «Paris 2024: Flag, anthem and rules for Individual Neutral Athletes approved». insidethegames.biz. 19. mars 2024. Henta 2. mai 2024.