Indra Øverland
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Indra Nobl Øverland (fødd 7. februar 1973) er ein norsk forskar med energispørsmål i Sentral- og Søraust-Asia som spesialfelt.[1]
Indra Øverland | |||
Fødd | 7. februar 1973 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | energibransje, energipolitikk, utanrikspolitikk, internasjonale relasjonar | ||
Yrke | akademikar, statsvitar, ekspert, politisk analytiker, politisk rådgiver | ||
Institusjonar | Scott Polar Research Institute Norsk utanrikspolitisk institutt | ||
Alma mater | University of Cambridge |
Øverland tok PhD-graden ved Scott Polar Research Institute ved University of Cambridge i 2000 og har utgjeve eit vidt spekter av publikasjonar knytte til energipolitikk, bistand og urfolk i det tidlegare Sovjetunionen. For doktoravhandlinga si mottok han Toby Jackman-prisen ved Cambridge.
Han har arbeidd i Kommunal- og regionaldepartementet, Flyktninghjelpen (tidlegare Flyktningerådet) og i NordForsk. Han er fungerande leiar av Avdeling for Russland og Eurasia ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) og førsteamanuensis II ved Universitetet i Tromsø.
Indra Øverland har mellom anna gjeve ut Energy Politics: Azerbaijan, Kazakhstan and Turkmenistan (Routledge, 2010), Russian Renewable Energy: The Potential for International Cooperation (Ashgate, 2009), Caspian Sea Region towards 2025 (Eburon, 2010).
Mest kjend er han kanskje for å ha bidrege til teoretiseringa av ressursforbanninga med omgrepet «slippery slopes». Omgrepet viser til dei vanskelege avgjerdene autoritære og halvautoritære statsleiarar må treffa i valet mellom å slå ned på opposisjon eller tillata misnøye å ulma, og kva for ei rolle inntekter frå naturressursar spelar når slike avgjerder blir tekne.
Kjelder
endre- ↑ Rangsimaporn, Paradorn (2022). «Southeast Asia in Central Asia’s Foreign Relations». Cham: Springer International Publishing: 27–79. ISBN 978-3-031-10111-3.
- Denne artikkelen bygger på «Indra Øverland» frå Wikipedia på bokmål, den 10. februar 2019.
Bakgrunnsstoff
endre- Publikasjoner av Indra Øverland i forskningsdokumentasjonssystemet CRIStin
- Publikasjoner av Indra Øverland i BIBSYS
- Indra Øverland på NUPIs hjemmesider. (arkivert nettstad)
- Forskningsprosjektet RussCasp
- RFE/RL intervju
- Dagbladet intervju
- Nettavisen intervju
- Klassekampen intervju
- The Closure of the Russian Military Base at Akhalkalaki: Challenges for the Local Energy Elite, the Informal Economy and Stability i Journal of Power Institutions in Post-Soviet Societies
- A Match Made in Heaven. Strategic Convergence between China and Russia in the China and Eurasia Forum Quarterly (arkivert nettside)