Indre Billefjord

fjord i Porsanger

Indre Billefjord (nordsamisk Billávuotna, finsk Pillavuono) er ein fjordarm av Porsangerfjorden i Porsanger kommune i Troms og Finnmark. Fjorden strekkjer seg 4 km sørvestover til bygda med same namn i botn av fjorden.

Indre Billefjord
fjord
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms og Finnmark
Kommune Porsanger

Indre Billefjord
70°19′35″ N 25°5′17″ E

Fjorden har innløp mellom Kovasholmen i nord og Ránobákti i sør og ligg på sørsida av neset Klubben (samisk Kluppenjárga). Ytst i fjorden ligg øya Billásullot. Det ligg fleire gardsbruk langs begge sider av fjorden, som Mikkeljord på nordsida og Oppgård på sørsida. Fjorden er 91 meter på det djupaste, heilt ytst i fjorden. Den indre delen av fjorden er langgrunn.

E6 går langs nordvestsida av fjorden.

Koordinatar: 70°20′4.8804″N 25°6′3.6468″E