Indrefjorden i Vik

61°0′35.946″N 6°21′53.500″E / 61.00998500°N 6.36486111°E / 61.00998500; 6.36486111

Utsyn over Indrefjorden (mot høgre), sett frå Nese mot Vabergane. Til venstre er Framfjorden.

Indrefjorden er ein fjordarm av Arnafjorden på sørsida av Sognefjorden i Vik kommune. Fjorden er 2 km lang og er den vestlege av dei to fjordarmane til Arnafjorden. Den austlege fjordarmen heiter Framfjorden.

Fjorden har innløp mellom bygda Arnafjord i nord og Vabergane i sør. Gardane Åse, Frettheim og Tenne ligg inst i fjorden. Fv92 går langs heile fjorden opp til Arnafjord.