Informasjonskapsel

Ein informasjonskapsel (dessutan kjend som cookie) er ei lita datamengd som ein nettlesar tek imot frå ei nettside som brukaren vitjar, og som vert lagra på dataeininga til brukaren. I tillegg kan det lagrast ei datamengd hjå nettstaden.

Ein informasjonskapsel kan til dømes innehalda brukarinformasjon som passord og brukarnamn i kryptert form, og gjer at dette ikkje trengst registrerast på nytt. Informasjonskapslar vert òg nytta av salsnettstader til å føreslå nye produkt til brukaren, sidan dei kan samla inn informasjon om kva brukaren har gjort på nettstaden tidlegare.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Informasjonskapsel
  Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.