Informasjonsskilt

Eit informasjonsskilt er eit lett oppfatteleg skilt som gjev viktig informasjon eller instruksjonar. Eit typisk døme er trafikkskilt.

Ymse åtvaringsskilt.
Eit skilt som åtvarar mot rasfare frå ein bygning.

I moderne tid er det blitt fleire informasjonsskilt enn tidlegare, mellom anna på grunn av endringar i samfunnet som gjer at mange menneske kjem til nye stader. Teknologien for å laga skilt har òg endra seg. Historisk blei skilt skorne ut eller måla for hand i tre eller metall som smijern.

I dag kan ein masseprodusera skilt ved hjelp av maskinar, noko som òg gjer det enklare å laga mange like skilt. Nye plastikkmateriale har òg gjort det enklare å laga informasjonsskilt.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Informasjonsskilt