Utskjering

Utskjering er ein teknikk der ein bruker ulike reiskapar til å laga mønster, bilde, skriftteikn og symbol i eit materiale ved å skjera eller rissa bort noko av det. Ein kan skjera ut alle materiale som er solide nok til å halda på forma si når ein fjernar bitar frå det, samstundes som dei er mjuke nok til at ein klarer skjera bort bitar med dei verktøya ein måtte ha tilgjengelege. Vanlege utskjeringsmateriale er tre, stein og metall. Ein kan også skjera ut is og snø, bein og elfenbein, matvarer og ulike plantemateriale.

Mann som skjer ut tal og bokstavar i gummi.
Relieff av Madonna med barn av renessanskekunstnaren Antonio Rossellino i utskoren treramme.

Utskjering skil seg frå skulpturmaking med mjuke materiale som leire eller smelta glas, som ein kan forma medan dei er mjuke og som sidan hardnar. Utskjering krev ofte meir arbeid enn arbeid med mjuke, formbare materiale.[1]

TreskjeringEndra

 
Székelyutskjering frå ungarar i Romania.
For meir om dette emnet, sjå treskjering.

Treskjering er ei utskjeringsform som er utbreidd over heile verda. Ein kan bruka trevirke frå ulike treslag til å skjera ut nytte- og pyntegjenstandar, fargreier og bygningsdelar.

Andre organiske materialeEndra

Ein kan skjera ut ei rekkje organiske materiale. Bein, horn og elfenbein er særleg vanlege. Ein kan også skjera ut mønster i lêr, eller symbol eller bokstavar i borken til levande tre.

Ein kan skjera ut skalet til egg eller frukter som graskar og kalebassar, til dømes til lykter (jack-o'-lantern) eller drikkekar (t.d. til maté).

I Sør-Asia og Søraust-Asia, særleg i Thailand, skjer ein ut bananstenglar til særskilde høve. I Thailand blir dei gjerne brukt til dekorasjonar ved gravferder, ordinasjonar og andre religiøse seremoniar.[2] I India kan dei brukast til midlertidige gudebilde.[3]

I Kina finst det tradisjon for å skjera ut miniatyrarbeid av fruktsteinar kjend som hediao.[4] Ein kan bruka steinar frå fersken, aprikos, oliven eller yangmei (Myrica rubra). Dei kan formast som små smykke eller amulettar som førestiller Buddha, naturen eller kinesiske årsdyr.[5][6]

GalleriEndra

SteinhoggingEndra

Hogging eller utskjering av stein går langt tilbake i tid. Utskjering av berg til helleristingar og utforming av reiskapar av til dømes flint har føregått sidan steinalderen. Ein kan skjera ut både mjuke mineral, som tuff, kalk- og sandstein, og harde mineral som marmor, basalt og granitt. Før ein oppdaga stål måtte hard stein skjerast ut ved hjelp av filing, ettersom ingen metall ein kjende til var harde nok til å hogga i steinen.

GalleriEndra

Kortlivde materialeEndra

Is, snø og sand kan skjerast ut til skulpturar som berre varer ei kort tid. Desse blir ofte laga i samband med festivalar, som Harbin internasjonale is- og snøfestival eller Weston-super-Mare Sand Sculpture Festival.

MatvarerEndra

Ein kan skjera ut matvarer for å laga til ein fin matpresentasjon, for å vekka merksemd eller som eit kortvarig kunstprosjekt.

Frukt og grønsaker er vanlege materiale for utskjeringar. Harde grønsaker held forma godt, og kan til dømes skjerast ut til blad og blomar. Ulike fargar på skal og kjøt kan nyttast til å få fram mønster, til dømes frå vassmelon.

Mjukare matvarer som tofu,[7] ost[8] og smør[9] kan også skjerast ut. Smørskulpturar treng som regel nedkjøling for ikkje å smelta. Smør kan også smeltast og utformast ved hjelp av former, og det same gjeld sjokolade, men ein kan også skjera ut sjokoladen.[10]

GalleriEndra

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. Daniel Marcus Mendelowitz, Children Are Artists: An Introduction to Children's Art for Teachers and Parents (1953), s. 136.
  2. Cheevasaro, Damrong (25. september 2018). «A Study of Banana Stalk Carving Patterns by Local Craftsmen around Songkhla Lake». Parichart Journal, Thaksin University (på engelsk) 31 (3): 68–80. ISSN 2651-0804. 
  3. Krishna, Nanditha (15. mai 2014), Sacred Plants of India (på engelsk), Penguin UK, ISBN 978-93-5118-691-5, henta 18. januar 2020 
  4. 顾馨, «Anything but the pits: Jilin man turns fruit pieces into art - Chinadaily.com.cn», www.chinadaily.com.cn, henta 18. januar 2020 
  5. [ 徐华铛, 翛然, 姜跃进《苏州橄榄核雕揽胜》]
  6. Wang Ping (1999), 100 Chinese Folk Handicrafts, Guangxi Renming Press. s. 140. ISBN 7-219-03925-5/K·766
  7. «Tofu flower carving», www.ezhejiang.gov.cn, henta 18. januar 2020 
  8. Edwards, Karen (4. mars 2011), «Chipping Away: The Art of Carving Cheese», culture: the word on cheese (på engelsk), henta 18. januar 2020 
  9. Zuras, Matthew (10. august 2014), «The History of Butter Sculpture Is Strange, Indeed», Vice (på engelsk), henta 18. januar 2020 
  10. «Chocolate and carving mix, beautifully! - Times of India», The Times of India (på engelsk), henta 18. januar 2020 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Utskjering