Inga Márjá Steinfjell
Inga Márjá Steinfjell er ein samisk journalist og medievitar.[1]
Ho voks opp i Kautokeino, men familien har bakgrunn frå Namsskogan i Trøndelag. Ho snakkar nordsamisk og sørsamisk flytande.[2]
Steinfjell har verka som som produsent og programleiar for program om samiske tilhøve for Sveriges Radio.[3] Ho har også laga talkshowet Steinfjell & Steinfjell, send på svensk P2, Sameradion og NRK Sámi Radio, i lag med systera Máret Steinfjell.[4][2] I 2016 vann dei den nordiske språkprisen Gollegiella for showet, som ifølgje utdelarane «på kort tid er blitt en liten språkrevolusjon og en viktig del av språkrevitaliseringen i det sørsamiske området.»[5]
Steinfjell har også arbeidd på Samiskt språkcentrum ved Det svenske sametinget.[6] Sidan 2019 har ho vore leiar for Samisk arkiv i Kautokeino.[3]
Kjelder
endre- ↑ Danielsen, Emmi Alette (21. november 2019), «Nyetablerte Saernieh.no skal binde åarjel-sápmi sammen», NRK (på norsk bokmål), henta 23. mai 2020
- ↑ 2,0 2,1 Schanche, Tor Emil (9. november 2016), «Hedret for radioshow på utrydningstruet språk», NRK (på norsk bokmål), henta 23. mai 2020
- ↑ 3,0 3,1 «Sámi arkiiva / Samisk arkiv i Kautokeino har fått ny leder - Inga Marja Steinfjell. Hun tiltrer stillingen i august.», Mynewsdesk (på norsk), arkivert frå originalen 19. januar 2021, henta 23. mai 2020
- ↑ Reitan, Andreas, «Sørsamisk talkshow», Nea Radio (på norsk), arkivert frå originalen 27. november 2021, henta 23. mai 2020
- ↑ «Nytenkere tildeles Gollegiella-prisen», Regjeringen.no (på norsk) (Kommunal- og moderniseringsdepartementet), 8. november 2016, henta 23. mai 2020
- ↑ «Inga Marja Steinfjell», Tjaktjen Tjaanghkoe (på norsk bokmål), henta 23. mai 2020
Bakgrunnsstoff
endre- På andres premisser : Taus, usynlig eller i konfrontasjon : En analyse av sørsamisk offentlig samtale. Masteroppgåva til Inga Márjá Steinfjell.